Historisk arkiv

Streif i Setesdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Streif i Setesdal 30.09. - 01.10. Fagdag i Valle kommunehus og Sauesjå i Valle . I Setesdal vert Streif arrangert av fylkesmannens landbruksavdeling i samarbeid med Setsdalsmuseet. Eitt av måla med arrangementet er å gjere folk meir bevisste og stolte over den verdien som ligg i eit velhalde og levande kulturlandskap. (22.09.2005)

Streif i Setesdal

Streif i Setesdal 30.09. - 01.10. Fagdag i Valle kommunehus og Sauesjå i Valle . I Setesdal vert Streif arrangert av fylkesmannens landbruksavdeling i samarbeid med Setsdalsmuseet. Eitt av måla med arrangementet er å gjere folk meir bevisste og stolte over den verdien som ligg i eit velhalde og levande kulturlandskap.

I Setesdal vert Streif arrangert av fylkesmannens landbruksavdeling i samarbeid med Setsdalsmuseet. Eitt av måla med arrangementet er å gjere folk meir bevisste og stolte over den verdien som ligg i eit velhalde og levande kulturlandskap. Den utviklinga som ein ser i mange indre bygder er urovekkande. Tilgroing og nedlagde gardsbruk tek til å prege landskapet. Korleis er stoda i dag, og kva kan eingjere for å få det til å fungere betre?

Ein viktig del av kulturarven vår er maten. Gjennom SETESDALSSTREIF i Valle vil ein også fokusere på lokale mattradisjonar. Flatbrød og setesdalssuppe er velkjend mat, men de vil også verte presenterte for matrettar som for ikkje så alt for mange tiår sidan var meir eller mindre del av det daglege kosthaldet.

Setesdalsmuseet og Fylkesmannens Landbruksavdeling ynskjer velkomen til ein spennande dag på kommunehuset i Valle.

Program:

13.00

Velkomen v/ dagleg leiar Anna Stella Karlsdottir.
Opning ved fylkesmann i Aust-Agder Hjalmar I. Sunde

13.15

Leiar i Noregs Bondelag Bjarne Undheim
Bonden som kulturberar.

14.00

Ingunn Holm, Bryggen museum i Bergen
Rydding og dyrking i utmarka.

15.00

Kaffipause. Smaksprøver på tradisjonelle matrettar
- frå Valle bygdekvinnelag sitt innsamlingsarbeid.
Setesdalsmuseet serverer smaksprøver etter oppskrifter frå Marie Blom
(prestekone i Valle) si kokebok frå 1887.

15.30

Oskar Puschmann, forskar NIJOS
Norske landskap i endring.

16.15

Ellen Svalheim, botanikar
Ulik bruk gir ulik flora. Eksempler på vegetasjon i kulturlandskapet.

Avslutning ca. kl 17.30

Se også utstillingane:

  • ”Hvilket herlig, uforglemmeligt aar.” Jubileumsutstilling 1905-2005.
    Laga av Aust-Agder kulturhistoriske senter.
  • ”Her e’ ’kje att’e kjennande. Bilete frå to hundreår.”
    Utstilling med foto frå kring 1905, og same motivet teke på ny 100 år seinare.
    Laga av Setesdalsmuseet.

Arrangementet er gratis.

Sauesjå i Valle
laurdag 1. oktober

Sauesjået med kåring startar opp kl. 09.00 og utstillarane kjem seg på plass.

I løpet av dagen vil det vere ei rekkje innslag.

Vi nemner:

  • Demonstrasjonsklypping av sau v/Sven Reiersen.
  • Premiering av beste kåra verlam, mønstring av avlsverar v/ Sauealslaget
  • Vurdering av ull v/ Sissel Berntsen, ullansvarleg i Norsk Kjøtt
  • Tevling med gjætarhund.
  • Natur- og kultursti v/ Valle landbrukskontor
  • Klatrevegg v/ Agder og Oppland Turistforening
  • Grillbål med pølser og kaffi ved Erla 4H
  • Stand m/lavo - Valle Bondelag
  • Baking av takkekaker og eplekaker. Sal av tradisjonelt flatbrød.
    Tora Rike Lund og Jorunn Lund Harstad
  • Tradisjonsmat i Meinigheitshuset
    Valle bygdekvinnelag avviklar sin årlege haustbasar på sauesjådagen.
    Som vanleg serverer dei setesdalssuppe, eplekake, sviskegraut m.m. til svoltne marknadsgjester.

Utstillingane i kommunestyresalen er opne kl. 11.00 - 15.00:

  • ”Hvilket herlig, uforglemmeligt aar.”
  • ”Her e’ ’kje att’e kjennande. Bilete frå to hundreår.”

strek
22. september 2005