Streif på Valdres Folkemuseum
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Dato: 02.09.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Streif: Åpen aktivitetsdag for hele familien. Laurdag 3. september inviterer landbruket heile familien til Valdres folkemuseum for å feire 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. (02.09.2005)
Streif på Valdres Folkemuseum
Streif: Åpen aktivitetsdag for hele familien. Laurdag 3. september inviterer landbruket heile familien til Valdres folkemuseum for å feire 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.
Her blir det eit allsidig program for heile familien, m.a. kan ungane bli med på tradisjonelle leikar og aktivitetar, bake lomper, koke graut og steike kvikaker.
Fylkesmann Kristin Hille Valla foretar den offisielle opninga av arrangementet kl. 1200, før Karsten Alnæs kåserer om korleis Norge reiv seg laus frå Sverige med fredelege middel kl. 1215. Etter dette blir det ”svensk/norsk” konsert med Eli Kristin og Odd Erik Hagen kl. 1300. Fesjå med telemarksku og andre gamle kyr-rasar startar kl. 1400.
Alle under 18 år kjem inn gratis! For vaksne er prisen 50 kroner. Porten opnast kl. 1100, og arrangementet blir avslutta kl. 1600.
Fleire aktivitetar på museumsområdet:
- Utstilling med smaksprøver og sal frå lokale matprodusentar i Valdres matforum
- Ekte”vikingpizza” blir servert rett fra bålet til ein rimeleg penge, og i museumskafeen får ein kjøpt tradisjonell majel frå Valdres
- Bilete som viser ”før” og ”no” forskjellige stader i Valdres blir stilt ut
- Tanaquil Enzensberger fortel og viser eit biletspel om landskap, planter og dyr i regionen
Arrangementet er det siste av fire ”Streif” i Oppland. I heile landet er det om lag 85 Streif i løpet av året, og streifa er blant dei best besøkte arrangementa i den offisielle 100-årsmarkeringa.
2. september 2005