Historisk arkiv

Noko å leve av og noko å leve for

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Noko å leve av og noko å leve for

Ny eigedomspolitikk for bygdene

Av Landbruks- og matminister Lars Sponheim

Vi får heile tida høyre at det blir færre gardsbruk her i landet. Den faktiske situasjonen er at talet på landbrukseigedomar har vore nokså konstant rundt 180.000 i heile etterkrigstida, medan talet på driftseiningar i aktiv drift har avtatt, og nå er i overkant av 50.000. Vi må ha ein politikk for alle slags eigedomar, også dei 120-130.000 utan aktiv drift.

Eigedomar og husa på dei er ein ressurs – for den einskilde og for bygdene. Politikken må bli meir fleksibel og ta fleire ulike omsyn enn tidlegare. Vi har ei utvikling mot større eigedomar som kan gi grunnlag for meir rasjonell landbruksproduksjonen. Dyrka og dyrkbar jord må bli tatt vare på til beste for framtidige generasjonar, og kulturlandskapet må sikrast.

200.000 vil ha småbruk
Samstundes bør innbyggjarane få større fridom til å velje sjølve korleis dei vil leve og bu. Interessa for å flytte ut av byane er stor, men folk vil ha noko meir enn eit hus og 750 kvadratmeter tomt. Dei vil ha ei livsstilsendring. Ei gransking MMI har gjort for Landbruks- og matdepartementet viser at sju prosent, eller 200.000 nordmenn seier seg svært interessert i å kjøpe eit småbruk. Fleirtalet av desse vil busetje seg på bruket. I tillegg er det 17 prosent seier seg ganske- eller litt interessert i å kjøpe småbruk.

Livsstilseigedomar
Det er i stadig mindre grad éin fast modell for korleis vi bur. Vi vil ha fleksibilitet. Tilhøvet til og opplevinga av bygd og by endrar seg også gjennom livsløpet. Bygda er ikkje lenger ein stad folk bur berre fordi dei har arbeid der, men også ein stad som representerer ein ”rural idyll” – ein stad å leve det gode liv. Nytt arbeidsmønster og meir fritid gjer at folk i større grad vekslar mellom ulike stader.

Derfor har denne regjeringa lagt til rette for større valfridom. Dei som ønskjer å bu på ein gard utan at dei henter inntekt frå landbruksdrift bør få høve til det. Ny konsesjonslov tok til å gjelde 1. januar 2004. Med dette vart konsesjonsplikta tatt bort for ca 25.000 eigedomar, som nå kan omsetjast fritt. En del kommunar har valt å ha konsesjonsbehandling i heile eller delar av kommunen med vurdering av pris og buplikt på all eigedomsomsetnad, uansett storleik.

Tillatt å dele opp gardsbruk
For å skape nye livsstilseigedomar må det også bli lettare å dele frå store tomter på t.d. 10 – 20 mål. Eg har derfor sendt på høyring eit forslag om at det generelle delingsforbudet i jordlova skal bort. Etter forslaget kan eigaren dele landbrukseigedom eller rettar knytt til den. Dette vil gi fleksibilitet og høve til å utvikle eigedomen ut frå ønskje og behov. Nokre gardar kan vekse og gi eit betre grunnlag for næringsdrift, medan andre blir reine buplassar.

Det vil ta noko tid før vi ser resultat av endringene. Endring i haldninger og lover er langsomme prosessar. Men statistikken viser at det i 2004 vart omsett flere eigedomar enn tidlegare, noko som gir grunn til å tru at eigarane har eit klårt syn på korleis eigedomsressursane kan bli tatt i bruk. Eg har godt håp om at endringane på sikt vil verke til å gi nytt liv i bygdene og distrikta – skape grunnlag for noko å leve av og noko å leve for.