Skr. spørsmål nr. 410 - behandlingsmåte og framdrift ved utvidelse av Øvre Pasvik nasjonalpark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Brev | Dato: 31.03.2003
Skr. spørsmål nr. 410 - behandlingsmåte og framdrift ved utvidelse av Øvre Pasvik nasjonalpark
Skr. spm. fra Jorunn Ringstad (Sp)
til miljøvernministeren
Dok. 15 spm. 410 (2002-2003)
Datert: 21.03.2003
Besvart 31.03.2003 av miljøvernminister Børge
Brende (H)
Spørsmål:
Sør-Varanger kommune arbeider for å få til ein mellomriksveg
Noreg-Finland over Pasvik. Sambandet vil vere viktig for å
oppretthalde busetjing og skape arbeidsplassar i dette
grenseområdet. Det viser seg at arbeidet med vegen kan kome i
konflikt med planane for å utvide verneområda i Øvre Pasvik.
Korleis vil behandlingsmåten og framdrifta vere når det gjeld
utviding av Øvre Pasvik nasjonalpark, og vil Regjeringa ta omsyn
til planane for ny mellomriksveg når vernetiltaka blir avgjort?
Begrunnelse:
Det har i lang tid vore ei viktig målsetjing å ha ei sterk
busetjing i grenseområdet mot Russland og Finland. Dei viktigaste
næringsvegane har vore skogbruk, jordbruk og reindrift.
På 1990-talet har det skjedd store endringar. Staten la ned
skogsdrifta, sagbruksdrifta og hytteproduksjonen. Det vart sagt at
desse verksemdene var ulønsame. Samtidig har det vorte lansert
omfattande planar om å utvide verneområda i tilknyting til Øvre
Pasvik nasjonalpark som vart etablert i 1970. Dette gjer at folk i
områder føler at framtida er truga.
Heilt sidan tida før 2. verdskrig har det vorte arbeidd med
planar for ein mellomriksveg mellom Pasvik og Enare i Finland. Det
vart laga utreiingar og ein felles norsk-finsk rapport som var
ferdig i 1991.
Fram til no har tryggingspolitiske omsyn stått i vegen for
nærare samband over grensa. I det siste har dette blitt lempa på.
Skogvesenet i Lappland har fristilt areal for å gjere vegsambandet
mogleg. Sør-Varanger kommune har løyvd pengar til veganlegg på
norsk side. Samband over grensa kan gje nye moglegheiter for
næringsliv og samkvem. Utan slike utsikter risikerer lokalsamfunnet
vidare stagnasjon og nedgang, og det blir avfolking av
grenseområdet.
I uttala frå Finnmark fylkeskommune som gjeld utviding av
Øvre Pasvik nasjonalpark og oppretting av landskapsvernområde, blir
det tilrådd at traseen for vegutløysing til Finland over
Pasvikdalen skal vere med slik initiativtakarane har foreslått. Det
blir også vist til at retningslinene for eit eventuelt
landskapsvernområde ikkje kan sameinast med vegbygging.
For å unngå å leggje hindringar i vegen for ein ny
mellomriksveg, er det nødvendig å ivareta desse interessene i
samband med dei vernetiltaka det blir arbeidd med i området.
Svar:
Miljøverndepartementet har nå til behandling forslag til
verneplan for Pasvik med utvidelse av Øvre Pasvik nasjonalpark og
opprettelse av Øvre Pasvik landskapsvernområde med
plantelivsfredning i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke.
Til grunn for departementets arbeid med denne saken ligger en
tilråding fra Direktoratet for naturforvaltning (DN). På bakgrunn
av sterke lokale ønsker om en mellomriksveg, og at den aktuelle
veitraseen allerede er vesentlig påvirket av terrenginngrep, mener
DN at forskriften for landskapsvernområdet bør åpne for at det kan
bygges en mellomriksveg forutsatt at dette blir besluttet av
nasjonale myndigheter etter forutgående konsekvensutredning.
I forbindelse med departementets arbeid med saken har det
vært avholdt et møte med representanter for Sør-Varanger kommune.
Betydningen av å holde muligheten åpen for ny mellomriksveg ble her
understreket.
Jeg tar sikte på at Regjeringens arbeid med denne verneplanen
kan avsluttes i løpet av våren og jeg kan derfor ikke nå si hva
utfallet i denne saken blir.