Kgl. res. 21.12.01 - Møre og Romsdal - fylkesplan 2001-2004
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Kongeleg resolusjon | Dato: 21.12.2001
Kongeleg resolusjon 21.12.01
Godkjenning av fylkesplan for Møre og Romsdal 2001-2004
Fylkesplan 2001-2004 har følgjande innsatsområde: 1) livskvalitet og berekraftig utvikling, 2) barn og unge sine oppvekstmiljø, 3) fornying av offentleg sektor – samarbeid og heilskaplege løysingar, 4) robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar, 5) berekraftig arealforvaltning, 6) omstilling og nyskaping i næringslivet, 7) kompetanse og rekruttering og 8) regional miljøpolitikk – energi og forbruk.
Fylkestinget vil at hovudfokuset for fylkesplan 2001-2004 skal være utfordringar for samordning mellom forvaltningsnivåa, næringslivet, organisasjonar og FoU-miljøa basert på dei viktigaste regionalpolitiske måla for Møre og Romsdal fylke.
Regjeringa merkar seg at planen er basert på ein brei, men målretta prosess, der fylkespolitikarar, politiske parti, regionråd og administrative fellesarenaer har definert det dei meiner er hovudutfordringar. Over halvparten av kommunane har gitt innspel på utfordringar. Fylket blir gitt ros for gjennomføring av framtidsverkstad for ungdom og etablering av eit ungdomspanel som var aktive i utviklinga av fylkesplanen.
Regjeringa ønskjer å gi honnør til den tverrsektorielle tilnærminga som er valt for planen, der ein søkjer å oppnå eit strategisk overordna grep framfor ei oppsplitta fokusering på sektorar.
Planen gjer grundig og godt reie for innsatsområde med tilhørande mål, strategier, retningsliner og tiltak.
KOMMENTARER TIL DEI ENKELTE KAPITLA OG SPØRSMÅL TATT OPP I FYLESKOMMUNENS OVERSENDINGSBREV FOR PLANEN:
Livskvalitet og berekraftig utvikling
Fylkesplanen sett fokus på at det er ubalanse mellom butilbod og arbeidsplassar i regionen. Fleire stader i fylket har bedrifter vanskar med å rekruttere ny arbeidskraft bl.a. grunna manglande tilbod av utleigebustader. I planen blir det foreslått å utarbeide ein egen handlingsplan som tek opp disse problemstillingane. Regjeringa ser det som viktig at fylkeskommunen tek initiativ til samarbeid mellom kommunar og andre som har ansvar og oppgåver i bustadpolitikken for å sikre ein god balanse mellom butilbod og arbeidsplassar i heile regionen. Regjeringa understrekar at dette arbeidet bør vurderast i lys av etableringsproblema for unge og vanskelegstilte. Husbanken kan bidra til å styrke dette arbeidet.
Barn- og unges oppvekstmiljø
Fylket tek særskild opp spørsmålet om å overføre ansvar og myndigheit frå Rikskonsertane, Riksteateret og Riksutstillingane til fylkeskommunen slik at fylkeskommunen får ei sterkare rolle, i nært samarbeid med kommunane. Regjeringa syner til St.meld. nr. 31 (2000-2001). Det er nyleg avgitt ein utgreiing om konsertverksemd og Rikskonsertane si rolle blir vurdert i denne samanhengen. Det er under arbeid ei utgreiing av scenekunstfeltet der Riksteatret si rolle vil bli vurdert. Det er i gang eit arbeid med etablering av eit nasjonalt biletkunstmuseum som oppfølging av stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museer, kor Riksutstillingane si rolle blir vurdert. Vurderingane av desse verksemdene si rolle inneber ikkje minst vurderingar i relasjon til fylkeskommunar og kommunar sine oppgåver.
Regjeringa vil gi honnør til det medverknadsarbeidet som er lagt til rette for ungdom i fylkesplanarbeidet. Regjeringas mål for barnehagar har stor innverknad for barn, familier og likestilling. Barnehage- og likestillingspolitiske tiltak er og verkemidel med vesentlege effekter for å nå fylket sine målsetjingar i nærings- og busettingspolitikken. Regjeringa har merka seg at fylkeskommunen har vedteke at likestilling mellom kvinner og menn skal være eit satsingsområde. I gjennomføringa av fylkesplanen bør satsinga på likestilling gjerast synleg og innarbeidast i tiltaka.
Fornying av offentleg sektor – samarbeid og heilskaplege løysningar
I St. meld. 34 (2000-2001) Om distrikts- og regionalpolitikken, som Stortinget har gitt sin tilslutning, vises det til at ulike offentlege sektorar må ha større einingar for å redusere ressursbruken til administrasjon, og få meir til tenesteyting. Dette vil samstundes vere med å utvikle robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar, som er eit sentralt mål i regionalpolitikken. Omstruktureringar i statlege verksemder som følgje av fornyingsarbeidet omfattar verksemder over heile landet. Ein legg difor vekt på lokaliseringspolitikk som ein vesentleg del av fornyingspolitikken, med utgangspunkt i følgjande mål og strategiar:
- God tilgang på statlege tenester over hele landet
- Spreiing av stateleg verksemder, oppgåver og funksjonar
- Avbøtande omstillingstiltak i kommunar som i stor grad får redusert arbeidsplasstilbod ved summen av fleire endringar
- Aktiv oppfølging av retningsliner for statleg lokaliseringspolitikk
Fylket peikar på at regional statsforvaltning i større grad bør delta aktivt i regionalt utviklingsarbeid på kostnad av kontroll og tilsynsfunksjonar, og at den regionale stat må integrere fylkesplanen i sin årssyklus for verksemdsplanlegging, der dei prioriterer sine økonomiske og faglege ressursar. Dei rår departementa til i langt større grad å leggje fylkesplanen til grunn i sine tildelingsbrev til den regionale stat. Regjeringa tek dette til orientering.
Robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar
Fylket utfordrar staten til å prioritere samferdsel høgare i det verdiskapande distriktsnoreg. Regjeringa syner til Nasjonal transportplan 2002-2011, som vart handsama av Stortinget i februar 2001. På bakgrunn av Nasjonal transportplan og handsaminga av meldinga i Stortinget er det utarbeida etatsvise handlingsprogram for planperioden.
Regjeringa meiner fylkesplanen syner god forståing av robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det er også lagt opp til ein differensiert by- og tettstadsstruktur for å gjere regionane funksjonelle. Dette vil være eit viktig grunnlag når fylket skal følgje opp og konkretisera vidare arbeid i fylkesdelplaner for senterstruktur og transport.
Regjeringa meiner ein bør vurdere å opprette fleire interkommunale hamnesamarbeid. Dette vil kunne bidra til eit sterkare finaniselt grunnlag for å etablere ein moderne og effektiv hamnestruktur, og å leggja til rette for å sjå den samla hamnestrukturen i ein større samanheng. Kommunane bør ha eit regionalt perspektiv på hamnene, for å bidra til at hamnene blir eit verkemiddel for utvikling av robuste regionar for næringsliv og busetjing.
Berekraftig arealforvaltning
Det er positivt at Møre og Romsdal fylkeskommune har teke på seg å leggje til rette for ei samla arealforvaltning i fylket. Dette er viktig for å byggje opp og vere støttespelar for kommunar med manglande arealplanar. Regjeringa meiner vidare at fylkesplanen syner god forståing av kva som bør kjenneteikne by- og tettstadsutviklinga.
Regjeringa har merka seg at ein legg vekt på biologisk mangfald i fylkesplanarbeidet. Det er i planen peika på at det er behov for auka samordning mellom sektorane når det gjeld kartlegging og registrering av biologisk mangfald. I St. meld. nr 42 (2000-2001) Biologisk mangfald er hovudkonklusjonen å etablere eit nytt forvaltningssystem som er kunnskapsorientert for å sikre berekraftig bruk og vern av det biologiske mangfaldet. Ein syner til dei fellestiltaka i meldinga som er prioriterte for perioden 2001-2005.
Å sikre friluftsområde, grønstruktur og attraktive møteplassar for alle generasjonar i tettstadene, og gjere desse tilgjengelege for funksjonshemma, er ei av retningslinene planen legg til grunn for den offentlege planlegginga. Regjeringa syner til St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv, som nyleg er lagt fram. I meldinga er det lagt vekt på friluftslivet som ein veg til høgare livskvalitet. Det er viktig at ein i det vidare fylkesplanarbeidet legg nok vekt på naturoppleving og friluftsliv som eit middel i det helsefremjande arbeidet.
Møre og Romsdal har utarbeidd eigen fylkesdelplan for
kystsonen. Denne vert handsama sjølvstendig.
Omstilling og nyskaping i næringslivet
Regjeringa stør det overordna målet i fylkesplanen om å sikre sysselsetjing gjennom auka verdiskaping. Det er positivt at det er ei klar målsetjing at den regionale innsatsen skal bidra til at næringslivet i Møre og Romsdal vil være i fremste rekkje når det gjeld framtidsretta løysingar, effektiv ressursbruk og miljø.
Fylkesplanen peikar på behov for ei nasjonal satsing på forsking og utvikling innan havbruk for å utløyse potensialet som ligg i næringa. Staten vert utfordra til å setje i gang ei slik satsing. Regjeringa syner til at havbruksnæringa kan bli ein berebjelke i den framtidige nasjonale økonomien. Det forutsett satsing på forsking og næringsutvikling. Stortinget har gjennom handsaminga av St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forskning ved et tidsskille, gått inn for ei særskild satsing på marin FoU. Regjeringa viser også til St.meld. nr. 30 (2000-2001) Langtidsprogrammet 2002-2005, kor det er signalisert at ein skal satse spesielt på mellom anna marin forsking. Regjeringa kan også opplyse at det den 29. november 2001 blei nedsatt eit regjeringsutval for marin verdiskaping. Regjeringsutvalet skal samordne styresmaktene sin innsats i høve til marin sektor, og utarbeide langsiktige nasjonale strategiar for å sikre dei offentlege rammevilkåra næringa treng for å kunne utvikle seg i Noreg og utløyse potensialet for verdiskaping.
Samla sett er det positivt at Møre og Romsdal fylkeskommune i så stor grad fokuserer på bransjeovergripande innsatsområde. Dette er viktig i høve til å stimulere til gode rammevilkår for all verdiskaping i fylket, og det stør også opp om nasjonale målsetjingar i næringspolitikken.
Regjeringa er oppteken av at den regionale innsatsen og dei framtidige konkrete prioriteringane av tiltak og ressursar til regional næringsutvikling på ein effektiv måte stør opp om nasjonale næringspolitiske målsetjingar, strategier og innsatsområde.
Vidare er infrastruktur svært viktige rammevilkår for næringslivet. Dette gjeld både fysisk infrastruktur knytt til veg, sjø og luft, arealdisposisjonar og teknologisk infrastruktur. Regjeringa er einig i at det er naudsynt at næringslivet sitt behov for både godstransport og personaltransport får høg prioritet i fylkesplansamanheng. Regjeringa ser det vidare som viktig at fylkeskommunen stimulerer til kommunalt og interkommunalt samarbeid for å sikre brei etterspurnad etter breiband i fylket.
Kompetanse og rekruttering
Fylket ønskjer å utgreie etablering av universitet i Møre og Romsdal samt vurdere andre alternativ, som auka samarbeid med andre universitet.
Regjeringa syner til at Stortinget har gått inn for at høgare utdanningsinstitusjonar kan få tilkjent universitetsstatus og -namn. Mjøs-utvalet (NOU 2000:14) har lagt til grunn at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet skal avgjere institusjonsstrukturen etter ei fagleg vurdering i et eige evaluerings- og akreditteringsorgan. Det nye organet blir lovfesta gjennom ein eigen paragraf i universitets- og høgskulelova, som vil gjere greie for oppgåvene til organet. Eit slikt nytt organ skal gjere ei evaluering og kvalitetsvurdering. Avgjersle i spørsmål av ei slik karakter er tenkt lagt til Kongen.
Regional miljøpolitikk – energi og forbruk
Regjeringa roser særleg fylket si satsing innan energipolitikken og legg særleg merke til at Møre og Romsdal ønskjer å være leiande i Noreg når det gjeld å gjennomføre sin del av vilkåra i Kyotoavtalen.
Fylket ber om støtte til satsing på alternativ energi, bl.a. produksjon av vindkraft på Smøla og Ressurssenteret på Tingvoll. Regjeringa syner til at Olje- og energidepartementet har gitt Noregs vassdrags- og energidirektorat ansvaret for å administrere og forvalte ei rekke forskjellige verkemiddel for stønad til nye fornybare energikjelder og energisparing. Frå og med 01.01.2002 vil det nyoppretta Enova SF ta over ansvaret for å forvalte midlar til ei miljøvennleg omlegging av energisektoren. Fylkeskommunen vil på linje med andre aktørar kunne til å søkje om støtte frå Enova innafor dei rammer foretaket sett for bruk av stønadsmidlar.
Når det gjeld vindkraftprosjektet på Smøla, ga Noregs vassdrags- og energidirektorat den 07.09.2001 Statkraft SF tilsegn om 72 millioner kroner i stønad til byggetrinn I i Statkraft SF sin investering i ein vindpark på Smøla i Møre og Romsdal.
"Ormen til Møre"
I prosjektet "Ormen til Møre" arbeider fylket med å leggje til rette for etablering av eit knutepunkt for petroleum frå Norskehavet. Fylkeskommunen har starta eit samarbeid med aktuelle kommunar, offentlege instansar og ulike operatørselskap for å planleggje ei slik etablering. Arbeidet med oppretting av eit knutepunkt på land i Møre og Romsdal har som mål å gje langsiktige synergieffektar som auka verdiskaping og sysselsetting, samt betre miljø.
Utbyggingsplanane for Ormen Lange-feltet vil på grunn av storleiken på prosjektet bli handsama i Stortinget. Rettshavarane for Ormen Lange-prosjektet vil etter vanleg praksis utarbeide plan for utbygging og drift og konsekvensutgreiing før utbygging av feltet tek til. Som kjend er lisensen godt i gang med å utgreie forholda rundt ei eventuell ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet. Styresmaktene følgjer med i denne prosessen og ser det som svært positivt og ønskeleg at ringverknadene av Ormen Lange-prosjektet også kjem Midt-Noreg til gode.
Forsvaret si verksemd
Regjeringa legg vekt på at forsvaret sine aktivitetar vert vurderte og tekne med som ein integrert del av all sivil planlegging, også nye veg- og tunnelprosjekt. Det er framleis naudsynt å leggje til rette areal for øvingsverksemd i fylket trass reduksjonar i [Forsvaret si verksemd].
Samfunnstryggleik og beredskap
Målsettinga om at ein må ta tryggleiks- og beredskapsmessige omsyn i all samfunnsplanlegging, vart aktualisert gjennom dei dramatiske hendingane hausten 2001. Regjeringa meiner det er særs viktig at dei utbyggingsprosjekta som er varsla i fylkesplanen tek slike omsyn. Dei geografiske tilhøva gjer at utbygging av infrastrukturen i Møre og Romsdal byr på særlege utfordringar. Utbygginga i samband med Ormen Lange prosjektet byr på særlege utfordringar. Regjeringa meiner det er svært viktig at tryggleiken vert høgt prioritert i utbygginga.
Avslutning
Ein gjer merksam på at godkjenninga av fylkesplan for Møre og Romsdal ikkje omfattar konkret ressursbruk. Prioritering og tildeling av ressursar må følgjast opp gjennom dei årlege budsjettprosessane. Fylkeskommunen må ta kontakt med involverte statlege styresmakter for å sikre gjennomføring av strategiane og tiltaka i planen.
Regjeringa vil understreke § 19-6 i plan- og bygningslova, der det heiter at fylkesplanane skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd, og vere rettleiande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningslova legg til grunn at statlege organ som ønskjer å vike frå føresetnadene i ein godkjend fylkesplan, tek dette opp med fylkeskommunen sine planmyndigheiter. Dersom fylkeskommunen og vedkommande sektormyndigheit ikkje blir samde, skal saka takast opp med sentrale planstyresmakter.
Miljøverndepartementet
tilrår:
Fylkesplanen for Møre og Romsdal, vedteke i fylkestinget 5. desember 2000, blir godkjent i medhold av § 19-4 i plan- og bygningslova, med dei merknader og atterhald som er nemnt i Miljøverndepartementets foredrag i saka.