Havet skal gi næringsvekst i Møre og Romsdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 21.12.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Moderne havbruk, nye oppdrettsarter, vindmøller, olje og gass skal gi auka aktivitet på Nordvestlandet. Dette framgår av fylkesplanen for Møre og Romsdal, som blei godkjend i Statsråd i dag. (21.12.01)
Pressemelding
Dato: 21.12.01
Kontakt: Avdelingsdirektør Hans Jacob Neumann, 22 24 59 10, mob. 97 50 51 42.
Miljøvernminister Børge Brende:
- Havet skal gi næringsvekst i Møre og Romsdal
Moderne havbruk, nye oppdrettsarter, vindmøller, olje og gass skal gi auka aktivitet på Nordvestlandet. Regjeringa går inn for at ressursar i havet nyttast betre. Forsking står sentralt. Næringslivet sitt behov for transport vil framleis ha høg prioritet. Breiband skal ein bygge ut ved hjelp av interkommunalt samarbeid. Alt dette framgår av fylkesplanen, som blei godkjend i Statsråd i dag.
- Havet kan gi meir mat og miljøvennleg energi. Ved å satse på marin forsking, nye slag havbruk og vindkraft, forventar regjeringa auka sysselsetting i denne regionen, seier miljøvernminister Børge Brende.
Fylket kan få eige universitet, etter ein fagleg vurdering.
Regjeringa ser det som positivt og ønskjeleg at "Ormen Lange"-prosjektet også kjem Møre og Romsdal til gode. Ilandføring av olje og gass blir ikkje utelukka. Spørsmålet vil bli framlagt for Stortinget.
Fylkesplanen er laga i samarbeid med regionale og lokale aktørar, fylkeskommunen og kommunane. Planen gjeld for perioden fram til 2004.
Meir info:
Kongeleg resolusjon 21.12.01