Historisk arkiv

Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter - opning 23. oktober 2001 ved statssekretær André Støylen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

24.10.01

Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter

opning 23. oktober 2001 ved statssekretær André Støylen

Kjære venner av Salhus trikotasje!

Først vil eg gjerne få takke for at eg fikk høve til å kome hit til Salhus for å vere med på opninga av Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter.

Denne hendinga markerer ein viktig milepæl i arbeidet med å formidle den spennande historia om eit industrieventyr frå den første fasen av industrialiseringa i Noreg. Etter å ha arbeidd i mange år med å restaurere og leggje til rette den store bygningsmassen, skal museet no opne den første delen av fabrikkanlegget for publikum.

Industrialiseringa i Noreg

Åra frå 1850 og fram til byrjinga av det førre hundreåret var ei brytingstid i Noreg. Industrialiseringa førte til store endringar i levekåra for folk. Tusenvis av gardsarbeidarar, tenestejenter og husmenn braut opp for å søke lykka i den nye industrien som voks fram. Noreg har alltid vore rikt på naturressursar, og desse ressursane var viktige for utviklinga av landet som industrinasjon. Malm og mineral, skog, fiskeri og, ikkje minst, dei store vasskraftressursane danna grunnlaget for dei industriane som voks fram på denne tida. Den største veksten kom då vi tok til å bruke "det kvite kolet" som kraftkjelde. Fossar og vassdrag blei bygde ut, og resultatet var ei storstilt industrireising.

Sjølv om industriverksemd knytt til naturressursar til dels har røtene sine fleire hundre år tilbake, er det utviklinga dei siste hundre åra som har gjort oss til ein industrinasjon. Med framveksten av tekstilindustrien frå midten av 1800-talet startar historia om det moderne industrialiserte Noreg.

Satsing på å bevare tekniske og industrielle kulturminne

Dei siste åra har vi opplevd store strukturelle endringar i norsk næringsliv. Dermed aukar behovet for å ta vare på kulturminne knytt til industrialiseringa. Tekniske og industrielle kulturminne er viktige bidrag til historia, og regjeringa ønskjer derfor å ta vare på eit representativt utval også av disse. Salhus Tricotagefabrik, her Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter held til, er eitt av dei åtte tekniske og industrielle kulturminna som Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet har blitt samde om å prioritere gjennom årlege løyvingar over statsbudsjettet.

Løyvingane til bevaring av tekniske og industrielle kulturminne er blant dei største på kulturminnebudsjettet. I perioden 1991-2001 har regjeringa løyvd rundt 100 millionar til dette arbeidet over budsjettet til Riksantikvaren. I tillegg er det også løyvd store beløp over budsjettet til Kulturdepartementet. I tillegg ser vi at dei aktuelle kommunane og fylkeskommunane også stiller opp med midlar.

Dei åtte prioriterte tekniske og industrielle kulturminna og industrimusea kan ein seie er nye skot på museumsstammen. Det er ikkje lenge sidan interessa for å ta vare på denne typen kulturminne blei vekt. Den første systematiske utgreiinga om desse kulturminna, blei gjort i samband med innstillinga frå Norsk Kulturråd "Bevaring av tekniske og industrielle kulturminner i Norge" i 1988. Desse musea er viktige på fleire måtar. Dei formidlar kunnskap om framveksten av industrinasjonen Noreg, og dei er kunnskapsbankar når det gjeld kompetanse om produksjonsteknikkar og handverk – kompetanse som det er svært viktig å ta vare på.

Ved å bevare dei tekniske og industrielle kulturminna, tar vi ikkje berre vare på bygningar og produksjonsutstyr, men også kunnskapen om arbeidsprosessar, teknologi og sosialhistorie, og formidlar denne vidare til kommande generasjonar. Desse musea viser også korleis produksjonen gjekk føre seg tidlegare, og er på den måten ei kjelde til kulturhistorisk informasjon. For ein del av anlegga er det eit mål å føre vidare sjølve næringsverksemda for å sikre og bevare yrkeskompetansen som knyter seg til dei tradisjonelle produksjonsprosessane og til bruken av utstyret og maskinane. Det er viktig å leggje til rette for at anlegget og næringsverksemda kan bli vist fram i ein riktig historisk og sosial samanheng.

Arbeidet med å ta vare på dei tekniske og industrielle kulturminna er kostnadskrevjande, og ein har derfor konsentrert seg om å ta vare på nokre større anlegg og heilskaplege miljø som representerer verksemder og næringar som har vore vesentlege for utviklinga av Noreg som industrinasjon. Hovudvekta ligg på kulturminne og kulturmiljø frå ein tidleg fase av industrialiseringa, men det har også blitt lagt vekt på å få til ei geografisk fordeling.

Historia om ein trikotasjefabrikk på Vestlandet

Framveksten av trikotasje- og tekstilindustrien spelte ei viktig rolle for utviklinga av næringslivet i Bergensområdet og delar av Hordaland. Salhus Tricotagefabrik og tettstaden Salhus er eit godt eksempel på dette.

Lat meg trekkje fram nokre moment frå historia til fabrikken:

Eg har blitt fortalt at fabrikken blei etablert så tidleg som i 1859 og var den første fullmekaniserte trikotasjefabrikken i Noreg. Etableringa fekk store ringverknader for Salhus, der eit heilt samfunn etter kvart voks fram rundt fabrikken. Det budde ikkje mange menneske i Salhus på byrjinga av 1800-talet – berre om lag 20. Difor henta fabrikken mange arbeidarar frå fjordistrikta i Nordhordland.

På det meste jobba om lag 700 personar i tekstilindustrien i Salhus, fordelt på tre store og nokre mindre verksemder. I tillegg kom kolonialbutikken, skomakar, smed, bakar, krambu, lege, bank, postkontor, skole, gamleheim, pensjonat og forsamlingshus - alle dei viktige funksjonane i eit levande lokalsamfunn.

Fabrikken voks heilt fram til byrjinga av 1970-talet. Produksjonen omfatta blant anna undertøy av ull og bomull – "kronemakko" er vel stadig eit kjent omgrep blant den delen av befolkninga som har levd ei stund – og Krone-merket eit varemerke som garanterte for god kvalitet. Det blei også produsert finare dameundertøy, arbeidsklede og sports- og fritidsklede. I 1973 hadde fabrikken 350 tilsette. Seinare blei verksemda gradvis bygd ned og produksjonen stansa i 1989.

Eit overordna mål med å ta vare på Salhus Tricotagefabrikk er å ta vare på den kompetansen som museet har opparbeidd; både den antikvariske og formidlingsmessige kompetansen, og den faglege kunnskapen om arbeidsprosessar og teknisk utstyr. Ikkje minst når det gjeld det siste, vil museet ha ein viktig rolle som kompetansesenter ved å kunne hjelpe Riksantikvaren, som ikkje har spesialkompetanse på dette området.

Eg har merka meg at industrimuseet her i Salhus legg vekt på informasjon, særleg til skular og barnehagar i Bergen og nabokommunane. Skuleklasser er gjerne på besøk ved museet. Det er flott! I tillegg blir museet kontakta av skuleelevar som arbeider med prosjekt. Det er allereie stor aktivitet knytt til museet, sjølv om den offisielle opninga først er i dag.

Det er også interessant at museet samarbeider breitt med andre institusjonar knytt til industriverksemda og samferdsel. Eitt eksempel er reisekartet over industriminne som Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Kulturby Bergen 2000, Kulturnett Hordaland, Histos og Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter har samarbeidd om å få til – eit spennande prosjekt. Nettstaden Industriminnekart blei lansert i september i fjor og er eit viktig verkemiddel når det gjeld å utvikle reiselivet i området.

Eg er imponert over det arbeidet som er gjort og ser fram til å bli nærare kjent med de ulike sidene av verksemda til museet. Det er viktig for eit lokalsamfunn å ta vare på historia om utviklinga av staden og formidle den vidare – både til barn og unge og til den voksne delen av befolkninga. Det vil vere med på å auke medvitet om å høyre til og ha røter på staden, og på å gjere noverande og kommande generasjonar stolte over korleis foreldra, besteforeldra og oldeforeldra har vore med å sette preg på utviklinga av den staden ein bur på. Museet kan på den måten vere med på å leggje grunnlaget for den vidare utviklinga av Salhus.

Til slutt vil eg seie: Gratulerer med dagen til alle som har hjelpt til slik at museet i dag kan opne dørene og la publikum få ta del den verdifulle historia rundt Salhus. Og med dette erklærer eg museet for opna.