Historisk arkiv

Bruk av innkjøpsmakt i miljøet si teneste

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Innkjøp og miljøleiing: Frå ide til handling

Miljøvernminister Knut Arild Hareide

Bruk av innkjøpsmakt i miljøet si teneste

Innkjøp og miljøleiing: Frå ide til handling

Rica Park Hotell, Sandefjord, 20. oktober 2004

Kjære konferansedeltakarar

(Innleiing)

Når vi som privatpersonar går i butikken for å kjøpe klede eller kvitevarer ser vi sjeldan berre etter det som er billigast. Vi søkjer like mykje etter kvalitet som etter pris.

Vi må ikkje gløyme at miljø er ei viktig side av kvalitet.

Det er ein kvalitet at ei vare er produsert med færre naturressursar på ein meir berekraftig måte. Det er ein kvalitet at det har gått mindre energi med til å produsere vara og at den treng mindre energi i drift. Det er ein kvalitet at vara ikkje inneheld helse- og miljøfarlege stoffar og at den genererar mindre avfall.

Alle har vi lett for å tenkje at miljø berre er viktig i den store samanhengen. Rett nok krev store utfordringar stor innsats frå sentralt og internasjonalt hold. Vi må likevel ikkje gløyme at miljø også gjeld oss alle i våre daglege innkjøp og lokale gjeremål. Eit godt miljø er ikkje mogleg å oppnå utan mange små enkeltinnsatsar.

Vestfold fylke har gjennom ein sum av viktige enkeltinnsatsar gitt miljø ei viktig rolle i det daglige. Dei ligg langt framme på området innkjøp og miljøleiing. Det er difor ei stor glede for meg å opne denne konferansen her i Sandefjord i dag.

Ekstra hyggeleg er det at deltakarar både frå offentleg sektor og privat næringsliv er til stades i salen. Innkjøp er eit område som krev samarbeid mellom innkjøparar og leverandørar.

Vestfold er også eit føregangsfylke når det gjeld samarbeid om innkjøp på tvers av nivåa i forvaltninga. Å dra nytte av kvarandre sin kompetanse om innkjøp er viktig i ei tid kor arbeidet med innkjøp er desentralisert og systemet med sentrale rammeavtalar ikkje lengre blir ført vidare. Det samarbeidet som skjer i Vestfold er eit døme som resten av fylka i landet vårt kan dra nytte av.

(Innkjøp som sentralt miljøpolitisk verkemiddel)

Alt forbruk har sin pris – i meir enn ein forstand.

Bruk av fossile brensler skaper allereie klimaendringar og ustadig ver.

Arealutbygging og andre menneskelege aktivitetar legg allereie press på dyre- og plantemangfaldet på jorda.

Bruk av gifter og farlege kjemikaliar forureinar allereie land og vatn.

Med mindre vi stiller miljøkrav, så vil forventa forbruksvekst i både nord og sør samt jordas forventa befolkningsauke skape eit enda sterkare press på naturressursane.

Med mindre vi stiller miljøkrav, så vil dei som betalar den høgste prisen for vårt forbruk vere dei fattige som lever frå hand til munn i dei mest økologisk sårbare områda.

Med mindre vi stiller miljøkrav, så vil kommande generasjonar ha dårlegare vilkår når dei skal fylle sine behov enn vi hadde.

Vi treng ein berekraftig utvikling som ikkje belastar miljøet unødig. Også når det gjeld miljø tel målet om å få "meir ut av mindre". Vi må kontrollere forbruket slik at ikkje forbruket kontrollerer oss.

Vi må sikre det Kofi Annan har titulera ein ansvarleg velstand. Vi må sjå målet om ein

ansvarleg velstand som ein muligheit til å bygge marknader og skape arbeid. Vi må sjå det som ein politisk muligheit til å gi alle ein stemme og ein innverknad på sin eigen framtid.

Vi bør difor leggje om til eit forbruk som er ansvarleg og framtidsretta. Vi må sørgje for at våre enkelt innsatsar går i pluss og ikkje i minus. Dette gjerast blant anna gjennom auka fokus på meir miljømedvitne innkjøp.

(Offentleg sektor)

Offentleg sektor har eit hovudansvar for å gå føre i arbeidet for eit meir berekraftig forbruk. Årleg kjøper offentleg sektor varer og tenester for over 200 milliardar kroner. Ja, berre i Vestfold kjøper offentleg sektor årleg inn for over 5 milliardar kroner.

Ved å ta miljøomsyn ved innkjøp og investeringar vil offentleg sektor kunne gi eit stort tilskott til å redusere miljøbelastninga av drifta si.

Auka etterspørsel etter miljøvennlege løysningar frå offentleg sektor vil på same tid medverke til å fremje rimelegare og betre utval av miljøvennlege produkt og teknologi i heile marknaden. Miljømedvitne innkjøp vil også medverke til å utvikle nye miljøvennlege løysningar som kan kome heile samfunne til gode.

Miljømedvitne innkjøp er eit område Noreg ikkje er aleine om å sette på dagsorden. Dette er eit prioritert område også i internasjonal samanheng. I EU sin strategi for integrert produktpolitikk er miljømedvitne innkjøp eit av fleire verktøy for å skape miljøforbetringar. Og i EU sin handlingsplan for miljøteknologi, som nylig vart vedteken, er grøne innkjøp eit sentralt verkemiddel. I slutten av oktober lanserar kommisjonen ei ny handbok om grøne innkjøp.

I næringslivet legg ein ned mykje pengar og arbeid på å utvikle meir miljøvennlege løysningar, og på å ta i bruk miljømerkeordningar for å informere om produkta sine miljøeigenskapar. Men næringslivet opplever likevel manglande etterspørsel etter slike løysningar frå det offentlege! Her har vi ein utfordring som eg vil gripe fatt i. Vi må sørgje for å ta ut det potensial som ligg i marknaden.

(Kva er på plass)

I "Lov om offentlige anskaffelser" som trådde i kraft i 2001 er det stilt krav om at når ein planlegg innkjøp, så skal ein ta omsyn både til livssykluskostnader og til miljøkonsekvensar av nyskaffingane.

Rettleiinga frå Nærings- og handelsdepartementet, om "Miljø og regelverket for offentlige anskaffelser" er eit viktig verkty. Her kan offentlege oppdragsgivarar finne ut når og korleis miljøomsyn kan bli brakt inn i innkjøpsprosessen.

Erfaringa så langt tyder likevel på at det står igjen store utfordringar for å integrere miljøomsyn i innkjøpsprosessen hos kvar enkelt offentleg verksemd.

Vi treng å auke kunnskap og kompetanse om miljømedvitne innkjøp blant innkjøparar og innkjøpsleiarar.

For å gjere kvardagen enklare for den einskilte innkjøpar må vi utforme enkle og praktiske verkty til bruk i den daglege innkjøpsprosessen.

Miljømedvitne innkjøp må i langt større grad bli ein del av verksemdas sin miljøprofil.

Miljømedvitne innkjøp må inn i vedtaka til leiinga, og inn i verksemda sin innkjøpspolitikk, det vere seg både offentlege og private verksemder.

(Fokus framover)

For å fremje miljøomsyn ved offentlege innkjøp vil regjeringa difor ta initiativ til å opprette eit ekspertpanel for miljømedvitne innkjøp. Panelet vil ha som formål å identifisere barrierar og høve, føreslå verkemiddel og tiltak og medverke til å få auka fokus på miljømedvitne innkjøp.

Panelet vil bestå av deltakarar frå offentlege styresmaktar, næringsliv, handel, undervisning, og fleire. Panelet startar opp allereie neste år.

(Grøn stat)

For å få produksjons- og forbruksmønsteret inn i eit berekraftig spor, arbeider vi heile tida for at verksemder og forbrukarar skal ta større omsyn til miljøet. Når styresmaktene oppfordrar til og utformer verkemiddel for at næringsliv og forbrukarar skal feie for si dør, er det viktig at staten sjølv feiar for si eiga dør. Det er det Grøn stat handlar om – ta ansvar – gå føre – vere førebilete.

Staten har eit stort potensial for å påverke miljøet. Vi kan gjere det både gjennom eiga drift og eige forbruk, og dessutan påverke produksjon av varer og tenester.

Dei fleste statlege etatar og verksemder har ei driftsform som ikkje fører med seg store enkeltutslepp samanlikna med tradisjonell industri. Omfanget av den totale statlege verksemda er likevel såpass stor at miljøpåverknaden er monaleg.

Regjeringa har satt som mål at alle statlege etatar og verksemder innan utgangen av 2005 skal ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet for organisasjonen. Kvart departement har ansvar for å innføre miljøleiing i eige hus og for at underliggjande etatar og verksemder innfører miljøleiing. Fire satsingsområde er peika ut: innkjøp, avfall, transport og energibruk.

Arbeidet har no starta opp i dei fleste verksemder.

Fleire har allereie innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet sitt. Enkelte verksemder har også gjennomført eller har planar om å utvikle vidare miljøleiingsystemet sitt til eit meir omfattande system som ISO-14001 eller EMAS. Miljøverndepartementet følgjer også sjølv aktivt opp Grøn stat og har nyleg vedteke å utvikle vårt system vidare gjennom ein ISO-14001 sertifisering.

Ei rekkje godt dokumenterte eksemplar viser at verksemder som satsar miljøvennleg, ikkje tar på seg ei økonomisk byrde, men tvert imot tar med seg ein økonomisk fordel. Felles for dei alle er "at dei har fått meir ut av mindre". Det er med andre ord mykje å hente både av økonomiske og miljømessige gevinstar ved å innføre miljøleiing.

(Eksemplar)

  • La meg trekkje fram fylkesmannen i Vestfold. Som eit ledd i Grøn stat arbeidet, har fylkesmannen gjennomgått sine avfallsrutinar og har gjort ein ny avtale med reinhaldsbyrået. Mengda restavfall er halvert og verksemda har redusert både kostnader til reingjering og avfallshandtering.

Andre eksemplar eg vil trekkje fram er:

  • Forsvaret gjer stor bruk av videokonferansar i den interne og eksterne møteverksemda si. Auka bruk av videokonferansar var eit krav frå forsvarssjefen då han tiltrådde i 1999. I løpet av to år reduserte Forsvaret reisebudsjettet sitt med 100 millionar kroner, samtidig som dei investerte 25 millionar kroner på utstyr til videokonferansar.
  • Det er ikkje bare statlege verksemder som har tatt i bruk videokonferansar. I samband med flygeleiaraksjonen for nokre veker sidan blei norske verksemder spurt av Dagens Næringsliv om negative effektar av aksjonen. Svært mange av dei som svarte viste til at "utruleg mykje kan løysast ved telefon- og videokonferansar" og nokon sa til og med at det nå var "heilt ekstraordinært at dei nytta fly. I staden nytter vi video- og telefonkonferansar". Kor mykje dei ulike verksemdene tenkte på miljøomsyn veit eg ikkje, men det viser utan omsyn at nye løysingar både kan spare tid og pengar og samtidig gi viktige miljøgevinstar.

Eit anna eksempel på miljøtenking:

  • Konsulentar vurderte bygget som Statens forureiningstilsyn held til i, til å være så moderne og effektivt at dei så lite potensial for energiøkonomisering. Likevel har SFT gjennom systematisk miljøarbeid vore i stand til å redusere energiforbruket med 23 % sidan 1998. I dag er forbruket på cirka 149 kWh per kvadratmeter og etaten sparer dermed monalege strømutgifter.

Grøn stat går i 2005 inn i sitt siste år. Etter 2005 skal miljøleiing vere integrert i styringssystema til alle statlege etatar og verksemder.

For å sikre at statlege verksemder har kunnskap og kompetanse om miljøleiing og aktuelle tiltak, har Statskonsult og GRIP utvikla kursopplegg.

Miljøverndepartementet utarbeida rettleiingsmateriell til bruk i statlege verksemder.

I dag opnar vi også ein ny nettstad som er laga for dette formålet aleine.

Nettstaden skal vere ein møtestad for inspirasjon og informasjon for statlege verksemder.

Nettstaden skal gi praktisk rettleiing, kunnskap, metodar og verkty i arbeidet med innføring av miljøleiing.

Nettstaden skal sikra at Grøn stat og grøne innkjøp framleis står i fokus. Nettstaden skal sikre at heile staten blir framtidsretta og ambisiøs som føregangsfylket Vestfold.

Eksemplane viser at Grøn stat gir vinst både for verksemdene og for miljøet. Nettstaden skal vere til hjelp for verksemdene til å få ut denne vinsten.

(Oppfordring )

Bruk nettstaden aktivt!

Her er mykje nyttig informasjon både for dei av dykk som nett har starta opp arbeidet med Grøn stat og for dei som står i startgropa. For at nettstaden skal bli ein aktiv og levande nettstad, treng vi at de brukar han, og at vi får innspel, spørsmål og tilbakemeldingar frå dykk.

(Avslutning)

Som offentlege innkjøparar har vi ein monaleg forbrukarmakt. Den makta må vi bruke til beste for miljøet. Som storforbrukarar har vi ikkje råd til å berre tenkje pris i snever forstand. Vi må spørje etter dei kvalitetar som kan medverke til at vi er med på å sikre ein ansvarleg velstand.

Eg erklærer hermed nettstaden for opna.

Eg ønskjer lykke til med konferansen og arbeidet med miljømedvitne innkjøp.