Historisk arkiv

Kampen mot blindpassasjerane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Avisartikkel

Avisartikkel av miljøvernminister Knut Arild Hareide, 02.11.04

Kampen mot blindpassasjerane

Utslepp av ureinsa ballastvatn frå skip nær kysten fører med seg stor fare før spreiing av framande og skadelege artar. Kvar dag blir meir enn 3000 ulike artar frakta mellom verdshava. Når slike blindpassasjerar er på vandring, utgjer dei ein stor trugsel mot verdas biologiske mangfald. Difor arbeider Regjeringa no med å ratifisere den nye konvensjonen om kontroll og handsaming av ballastvatn og sedimenter frå skip. Ein internasjonal avtale som skal hindre spreiing av organismar.

I Nordsjøen gjer både den naturlege spreiinga av marine organismar innan regionen og konkurransen mellom hamnene at samarbeid om iverksetting av tiltak er viktig. Etter initiativ frå Noreg vart miljøvernministrane på Nordsjøkonferansen i 2002 samde om å samarbeide om snarlege tiltak for ballastvatn i Nordsjøen. Samarbeidet skal skje innan ramma av det internasjonale regelverket som er utvikla under Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen, IMO. Oppfølginga av Nordsjøkonferansen blir leia av Sverige. Det er oppretta ei arbeidsgruppe for oppfølging av tiltaka på skipsfart og ballastvatn og Nederland leier dette arbeidet med Noreg som støttespelar.

Planter og dyr som i titusenvis av år har tilpassa seg sine naturlege leveområde, hamner i område der dei ikkje høyrer heime. I verste fall kan det leie til at den eigenarten dei har utvikla for å hanskast med sjukdom og naturkatastrofer går tapt. Vi har allereie vore vitne til fleire døme på dette. Planktonalgen Chattonella spp. vart truleg frakta til kysten av Sørlandet frå Austen med ballastvatn. Våren 2001 hadde algane ei kraftig oppblomstring, som førte til fiskedød og tap i oppdrettsanlegg på 50-100 millionar kroner. Også den kinesiske ullhåndskrabba har hamnna i Noreg på grunn av ballastvatn. I Tyskland har denne krabba reprodusert seg med høg fart og dekkjer på grotesk vis botnen og elvekanten i den tyske elva Elbe.

Gjennom FN-kovensjonen om biologisk mangfald pliktar Noreg og 186 andre land å hindre innføring av framande arter så sant det er mogleg. Difor legg vi også stor vekt på arbeidet med den internasjonale konvensjonen for kontroll med ballastvatn under FNs skipsfartorganisasjon. Konvensjonen om kontroll og handsaming av ballastvatn og sedimenter frå skip vart vedteke i februar i år. Konvensjonen er avgjerande for å løyse dei problema vi no står ovanfor. Alle skip får påbod om å gjennomføre utskifting av ballastvatn, men dette er berre eit mellombels tiltak. På sikt skal alle skip oppfylle krav til reinsing av ballastvatn. Regjeringa vil leggje vekt på rask gjennomføring av konvensjonen i norsk rett.

Reinseteknologi som verkar i stor skala er enno ikkje tilgjengeleg. For at reinsekrava skal fasast inn er vi avhengig av at det blir utvikla teknologi som tilfredsstiller den strenge standarden som ligg i konvensjonen. Det ligg såleis innebygd ei teknologiforventning i konvensjonen.

Alt tyder likevel på at det kan ta nokre år før konvensjonen er ratifisert av tilstrekkeleg mange land slik at han kan tre i kraft. På grunn av faren for økologisk og økonomisk skade som følgje av framande artar, kan vi ikkje vente med å setje i gang nasjonale tiltak. Noreg har laga ei vernebuing for handsaming av ballastvatn i ekstraordinære situasjonar. Sjøfartsdirektoratet er inkludert i Fiskeridirektoratet si varslingsgruppe for krisehandtering i norsk kystsone. I samråd med Fiskeridirektoratet si vernebuingsgruppe skal Sjøfartsdirektoratet heile tida vurdere behov for tiltak ovanfor skip dersom det ligg føre introduksjon av framande artar eller oppblomstring av skadelege algar eller andre skadeorganismar. Sjøfartsdirektoratet skal gi informasjon eller instruks til skip om aktuelle tiltak som gjeld inntak og utslepp av ballastvatn, slik at risiko for vidare spreiing av framande artar og skadeorganismar blir minst mogleg.