Historisk arkiv

Miljøvenleg byutvikling — suksesskriterier i byomforming

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Byutviklingskonferansen 2004 i Bergen

Miljøvernminister Knut Arild Hareides innlegg under Byutviklingskonferansen 2004 i Bergen 30 november

"Den store samtalen om Bergen sjøfront"

Miljøvenleg byutvikling – suksesskriterier i byomforming

Kjære arrangørar, kjære forsamling, kjære Bergen by!

Knut Arild Hareide i BergenTakk for invitasjonen! Det er hyggeleg å være attende her i byen der eg har vore student. Frå Bergen har eg mange gode minne.

Den gode samtalen

Denne konferansen er kalla "den store samtalen om Bergen sjøfront". Eg vil allereie nå i innleiinga slå eit slag for "den gode samtalen ". Med det meiner eg opne samtaler grunna på respekt og tillit. Det er berre gjennom openheit og tidleg samarbeid mellom innbyggjarar, næring og kommunar vi kan få gode resultat i utviklinga av våre byar. Ei utvikling som må ha vilje frå alle partar til å tenke både langsiktig og i heilskap. Difor synes eg det er gledelig at Bergen har teke dette initiativet til denne konferansen.

Kommunen må ta på leiartrøya

Sjølv om samarbeide og likeverde mellom partane er ein premiss for ønska byutvikling, meinar eg at det er kommunane som ansvarleg planstyresmakt, som må ta den leiande og koordinerande rolle i arbeidet.

Felles mål

Det er vesentleg at alle som deltar i utviklinga av Bergen, som til dømes i utviklinga av Sjøfronten, har ei felles plattform og overordna målsetting eller visjon for arbeidet. Eg veit at dykk har vore gode på å utvikle framtidsbilete her i Bergen gjennom blant anna arkitektkonkurransar for dei store byomformingsområda.

I dag på fyrste dag av konferansen er det ønskjeleg å "løfte blikket". Eg vil difor nytte høvet til å nemne nokre kvalitetar eg meiner bør leggjast til grunn i utviklinga av berekraftige byar – også her i byen. Det er mi påstand at framtidas næringsliv i aukande grad vil søkje til byer med høg kvalitet på bustadsområde og omgjevnader. For det er der folk trivast og vil bu, man óg vil finne den stabile arbeidskrafta.

Kva meiner eg kjenneteikner berekraftige byar?

Den berekraftige byen er for meg byen som både tek omsyn til miljøet og til menneska som skal bo og arbeide der. Det er også den demokratiske byen som legg vekt på inkludering og tilgjenge. Byen skal gje mangfald og liv, men og moglegheit for ro og for å puste i frisk luft utan larmen frå mykje biltrafikk. Eg ønskjer òg at byene er klårt avgrensa mot landbruks- og naturområde, men med grøndrag og turvegar som gir lett tilgjenge til desse områda.

Det skal vere enkelt og trygt å ta seg fram til fots, på sykkel eller med buss og bane. Difor har eg tru på Bybanen! Bybanen er etter mi meining ein svært god og framtidsretta løysing for å betre miljøet og tilgjenge i Bergen. Samstundes må kommunen syne vilje til tett utbygging og utvikling av knutepunkt langs banen. For investorar og utbyggarar vil ei banelinje vere ein garanti for god tilgjenge for arbeidstakarar og kundar i lang tid.

Livet i by skal karakteriserast av eit rikt kultur- og fritidstilbod. Det skal vere mogleg å ta eit bad i byen på ein heit sommardag. Ein skal lett kunne komme seg til sjøen og heia frå bustaden. Eg er sjølve vakse opp med sjøen rundt meg. Difor veit eg kor viktig nærleiken til sjøen er for folk. Det må vere tilgjenge til sjøen både for badande og fiskarar, samtidig som gåande og syklande kan ha fritt leide langs sjøfronten. Tilgjenge til sjøen er viktigare enn me trur. Til dømes er det berre ein tredel av Kristiansand sine innbyggjarar som har tilgjenge med båt til sjøen.

Tilgjenge er ein av dei viktigaste føresetnadene for at alle menneske skal ha høve til likeverd og full deltaking i samfunnet. Derfor har Regjeringa foreslått meir enn 19 millionar kroner på Miljøverndepartementet sitt budsjett for å betre tilkomsten for personar med nedsett funksjonsevne.

Ein berekraftig by har ein identitet og eit særpreg der ein kjenn seg igjen og føler seg heime. Ingen er i tvil om at landskapet er heilt avgjerande for utviklinga av Bergen, og for folka som bur der. Eg nemner dette og fordi Noreg saman med 10 andre land har ratifisert Den europeiske landskapskonvensjonen. Konvensjonen er viktig for å rette fokus på kvaliteten av landskapet, og kva verknader ulike inngrep og endringar vil ha. Byen endrar seg heile tida, men for Bergensaren og for meg, er bylandskapet og fjella rundt ein grunnfesta del av identiteten. Eg veit at tru kan flytta fjell, men Fløyen stend framleis fast!

Men dere som bor her har kanskje andre oppfatningar av kva som er byen sin identitet? Eg ser av programmet at Bergen som "merkevare" skal drøftast. Kva slags omdømme har byen i folks medvete? Kva gjer at du og eg vil busette oss og arbeide i Bergen? Er det Bergen si historie, fysiske omgjevnad, kulturminne eller er det menneska som bur der som gjer byen innhald? Kva er identiteten til den einskilde byen? Da eg var student, budde eg hos arkitekt Kristian Bjertnes. Han var ein stor forkjempar for Bryggen. Og no er den på UNESCO si liste over særs viktige kulturminne. Kva er det som gjer at turistar kjem til Noreg? Det er for å oppleve det unike!

Areal er gull

Areala er etter mi meining ein av dei aller viktigaste ressursane kommunane har, ved sida av folka som bur der og deira kulturarv. Areala er ei plattform for verdiskaping og velferd. "Areal er lokalt gull"- som min kollega Sponheim har sagt.

Eg trur mange av oss ikkje tenkjer over i kor stor grad tilrettelegginga av arealbruken styrer korleis vi har det i dagleglivet vårt; Arealbruken bestemmer kor mykje vi er plaga av trafikkstøy der vi bur, kor langt det er til næraste butikk, kor trygt det er å sende ungane ut for å leike, kor lett det er å komme seg på arbeidet, kor lett det er for funksjonshemma å ta seg fram. Eit viktig grunnlag for berekraftige byer er difor summen av dei einskilde arealvedtaka vi gjer. Saman har det private og offentlege eit forvaltaransvar for arealverdiane og livskvalitet for alle.

Plan- og bygningslova tar hand om ca. 90 % av areala her i landet. Difor er denne lova ein svært viktig miljøvernlov, men også eit viktig verktøy for næringsutvikling. Så og seie all næringsutvikling er avhengig av areal, anten til eiga verksemd, for transport eller fordi ein utnyttar kvalitetane i omgjevnadene.

Om eg skulle trekkje fram ein verknad av god kommuneplanlegging som er særleg viktig for næringslivet, trur eg det må bli effektiv og langsiktig avklåring av arealbruk. Frå delar av næringslivet blir det hevda at planlegging er eit hinder for etablering og utvikling. Eg er overtydd om at næringslivet i lengre perspektiv er tent med ei planlegging som gir avklåra, langsiktige rammer for verksemda. Det gjer forutsigbarhet for alle partar, da veit alle kva dei kan halda seg til.

Som miljøvernminister blir eg nok ofte assosiert med vern. Og vernet er viktig for å sikre nasjonale verdiar. Ved å seie nei, seier eg samstundes ja til noka anna. Men eg vil óg bli assosiert med vilje til verdiskaping og bruk av lokale ressursar. Bergen har til dømes mange viktige kulturminne og kulturmiljø som gjer byen kjend og dannar ein del av grunnlaget for byens inntekter.

Byomforming

Eg har tidlegare peika på at areala er ein knapp ressurs som må utnyttast effektivt. Bergen og fleire av byene har sett at gamle industri- og hamneområde kan brukast til nye formål, og glisne sentrumsområde kan utfyllast med nye bygningar. Dei nye byomformingsområda langs Bergen Sjøfront vil styrke byens sentrum.

Byomforming er særskild krevjande, men og utroleg inspirerande. Samarbeid frå mange aktørar på eit tidleg tidspunkt er avgjerande for å få til ei vellukka gjennomføring.

Gjennomføring med kvalitet

Vi ser ofte at dei by og tettstadene som lykkast med si byutvikling, er dei som har utvikla eit godt fysisk miljø. Bergen har over lang tid jobba godt med konsentrerte sentrumsområde for handel og mangfald av aktivitetar.

Her finner vi trivelege utrom med kvalitet i utforming av gatebelegg og møblement. Kurt Nilsen (eller "Idol-Kurt") har nettopp gitt ut ei ny CD- single "My Street", som mellom anna viser kva verdi ei gate har i livet til barn og unge. Eg har og minne om "Den Blå Stein" da eg var student. Vi avtala tidspunkt, men ikkje møteplass, for det var sjølvsagt ved "Steinen".

Det er ikkje mange andre byar som kan skilte med så mange prisar for nettopp gateromma sine: "Vakre veiers pris" for Vetrelidsalmenningen, "Byggeskikkpris" for Torgalmenningen og Vågsalmenningen. Utfordringa er ofte å få til ei utvikling med høy kvalitet med utgangspunkt i det bygde miljøet. Det nye moderne og det eksisterande kulturmiljø må både vera i harmoni og ha samanheng med kvarandre.

Pilotprosjekta i byomforming

Sentrale styresmakta ynskjer gjennom Pilotprosjekta å utvikle nye samarbeidsmodellar mellom næringsliv og offentlege instansar samt nye planreiskap og metodar for å gjennomføre byomforming. Bergen er ein av 7 byar som er med i pilotprosjekt om byomforming. Eg opplevde å få gode eksempel frå Stavanger kommune og pilotprosjektet Urban sjøfront da eg var der for to månader sia. Det same veit eg er tilfelle i Kristiansand i prosjekta Nybyen og Tangen. Gode røynsler både på samarbeidsavtaler, utbyggingsavtaler og selskapsdanningar blir formidla i nettverkssamlingar og til andre byer.

Nettverket som er danna mellom storbyane er særs verdfullt, etter dei tilbakemeldingane eg har fått frå byane. I nettverket får byane utveksle erfaringar frå dei konkrete prosjekta. Dei tar opp problemstellingar som i si tur vil føra til innspel til lovendringar og bruk av nye verkemiddel.

Når eg no nemner lovendringar, vil eg berre kort seia at tida nok er moden for ein større modernisering av plan- og bygningslova, Slik eg ser det, er det behov for å gjere loven meir brukarvenleg, klårare verdibasert, betre tilpassa dei ulike planbehova i kommunane og meir effektiv for kommunal planlegging og arealstyring.

Regional arealbruk

Eg har no tala mykje om kommunen si rolle i arbeidet med byutvikling. Men eg ynskjar og å peike på behovet for ein klår regional arealpolitikk. Byar og tettstader av ulik storleik verker saman innanfor ein geografisk region. Dei supplerer kvarandre gjennom eit bredt tilbod av næring, arbeid og utdanning, kultur, tenester og ulike attraksjonar. På den måten kan heile regionen styrkes.

Men for å lukkast med ein berekraftig regional byutvikling, er det naudsynt at byane samarbeider med nabokommunane. Dei overordna strukturane som utbyggingsmønster, senterstruktur, transportstruktur og grønstruktur tar som kjend ikkje omsyn til kommunegrensene. Når Jan Eggum skriv songar, så snakke han aldri om seg sjølv, men berre om naboen – Det vil seie at det er viktig å kjenne naboen godt – Kanskje er det ein utfordring for kommunane å ha eit betre samarbeid med naboane?

Kjøpesenterstoppen

Eg er opptatt av å ha levande byar! Butikkar og detaljhandel bør difor lokaliserast sentralt i byen, - ikkje langs vegane utanfor. Eg nemner dette fordi nokre trur at det no er fritt fram for alle slag lokaliseringar etter at mellombels etableringsstopp for eksterne kjøpesentra gjekk ut på dato 1. februar i år.

Men slik er det ikkje.

Her i Hordaland er det fylkesdelplanen for senterstruktur og lokalisering av service og handel som skal leggjast til grunn for denne type lokalisering. Eg føreset at fylkesdelplanen blir respektert, men kjem det til konflikt og motsegn som ikkje blir løyst lokalt, vil eg vere klår til å følgje opp dei nasjonale prinsippa.

Som vestlending føler eg meg heime i Bergen. Eg er overtydd om at når eg vitjar Bergen om 10 år eller seinare, vil eg møte ein by som har halde fast ved ei langsiktig satsing på overordna planer for byutvikling. Eg vil komme til ein by der næringslivet har skjønt at de må søkje til byer med høg kvalitet på bustadområde og omgjevnader. For det er der folk trivast og vil bu, ein óg vil finne den stabile og gode arbeidskrafta.

Eg synes denne konferansen er flott da den viser at offentleg forvaltning og private nå går saman om å skapa ein ny by. Eg kjem nettopp frå kafé der eg møtte fleire innbyggjarar som hadde drømmar og tankar om byen sin. Å sikre alle tilgjenge er ein viktig faktor. Fleire ønskte seg ei bystrand. Det sakna eg og då eg var student her i byen. Bergens patriotisme må brukast til noko positivt,- her ligger det mange moglegheiter. Eg håper og at sentrale styresmakter kan vera ein god samarbeidspartnar når alle partar på lokalt plan vil vera med på ei ny byutvikling. Det er no moglegheitene er her.

Eg ønskjer Bergen lykke til!

VEDLEGG