Historisk arkiv

Ny kjemikalielovgiving i EU og i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Ttale på Kjemikaliedagene

Ny kjemikalielovgiving i EU og i Noreg

Miljøvernministerens tale på Kjemikaliedagane, Hotell Bristol, 26.10.2004

Kjemikaliedagane er blitt den viktigaste møteplassen mellom styresmaktene og næringsliv for å snakke om kjemikaliespørsmål. Det er derfor viktig for meg å vere her og seie noko om utfordringane frå helse- og miljøfarlege kjemikaliar og behovet for ein ny kjemikaliepolitikk i EU og i Noreg.

På Bømlo der eg kjem frå, er dei aldri langt frå sjøen, med Nordsjøen som næraste nabo. Derfor er vi mellom anna svært glad i krabber og fisk. Industrien er blitt mykje reinare, men forureina grunn og forureina sediment lenger inn i fjorden gjer at ein i dag ikkje bør ete krabber og fisk som er fanga der. Og slik er det ikkje berre i Hordaland.

Mattilsynet har gitt slike kosthaldsråd for fisk og skaldyr i 32 hamner og fjordar over heile landet grunna tidlegare tiders utslepp av miljøgiftar. Og for dei som er ute i naturen og fisker gjedde eller storaure, så kan ein ikkje nyte resultatet på middagsbordet fordi dei inneheld for mykje kvikksølv.

Eg har vanskeleg for å godta at det skal vere slik. Og eg trur dei fleste her er samde om at det passer dårleg med det biletet vi har av rein norsk natur. Dessutan vil det koste oss milliardar av kroner å rydde opp.

Som mange kanskje veit, er arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar eitt av dei tre høgst prioriterte miljøområda i Regjeringas miljøvernpolitikk. Dei to andre er klima og biologisk mangfald.

Til skilnad frå dei to andre områda er Noreg særleg knytt til EU på kjemikalieområdet. Dette fordi vi har felles kjemikalieregelverk med EU gjennom EØS-avtalen.

Derfor er ny kjemikaliepolitikk i EU dobbelt viktig: Han får direkte verknad for oss, og det på eit område der eg og Regjeringa vil ha store framsteg for å redusere risikoen for skade på helse og miljø.

Kjemikaliar er utan tvil svært nyttige. I dagens moderne samfunn er kjemikaliar nytta overalt for å gjere alle slags produkt betre eller billegare. Dei finns i kleda vi går i, i Pc-en vi bruker, i tannkremen vi brukte i dag tidleg. Den store bruken av kjemikaliar fører likevel til store utfordringar for å trygge helse og miljø.

For å kunne nytte dei verdifulle sidene av kjemikaliar må vi møte desse utfordringane.

Om lokal industri tidlegare var kjelda til dei største utsleppa i Noreg, kjem i dag utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene mest frå utlandet, til dømes kvikksølv og PCB. Noreg ligg "nedstraums" for dei globale luft- og havstraumane. Derfor tar vi og Nord-områda i mot mykje miljøgifter, også der det ikkje finns lokale kjelder i det heile tatt. Som de veit er isbjørnen trua av PCB-forgifting. Ei mindre kjent sak er at nivåa av kvikksølv framleis aukar. Og ikkje berre i Nord-områda. I USA har kvar sjette kvinne i fruktbar alder så mykje kvikksølv i seg at det gjer ein risiko for utviklingsskadar på barna.

Tilsvarande tal for Noreg kjenner vi ikkje.

No kan ein seie at dette gjeld nokre få miljøgifter. Og sjølv om nokre framleis utgjer ein aukande risiko, slik som kvikksølv, har ein for dei fleste andre begynt å få kontroll på utsleppa, også internasjonalt. Ein stor miljøpolitisk siger var å få på plass den globale Stockholm-konvensjonen som regulerer utsleppa av dei 12 farlegaste miljøgiftene som verda kjenner til. Han trådde i kraft 17. mai i år, noko som gav oss ekstra god grunn til å feire nasjonaldagen.

Det er likevel eit faktum at dei fleste kjemikaliar på marknadene ikkje har vore testa for moglege verknader på helse og miljø. Så vi veit rett og slett ikkje kor stor risiko dei 50.000 kjemikaliane på marknaden utgjer. Uvissa om dette er kanskje den største utfordringa i dagens kjemikaliepolitikk. Og når vi så oppdagar nye miljøgifter, og mellom anna finn rekordhøge nivå av nye miljøgifter i fisken i Mjøsa, så er det god grunn til å være bekymra.

Kjemikalieindustrien har på sin side også forska på effektane av kjemikaliar, og har gjennom globale program arbeidd for at meir kunnskap om kjemikaliar har kome fram. Men gjer dei nok? Har ikkje dei ansvaret for å dokumentere at produkta er trygge nok? Utfordinga er korleis industrien skal ta det dette ansvaret, og gjere det på ein måte som samfunnet kan ha tillit til.

Utfordringane på kjemikalieområdet er såleis enorme.

Politikken og reglane slik dei er i dag, har ikkje klart å møte desse utfordringane. Det er derfor behov for ein ny kjemikaliepolitikk, både i EU og i Noreg. Den nye politikken har no munna ut i eit konkret forslag som kallast REACH.

Mitt bodskap til dykk er at sjølv om forslaget kan bli endå betre, kan REACH vere eit godt svar på utfordringane. Og eg skal gje tre grunnar for det:

Det eine er at REACH vil innebere at næringslivet må skaffe fram grunnleggjande kunnskap om kjemikaliane dei marknadsfører. Ein slik plikt gjeld i dag berre for nye kjemikaliar på marknaden, og for eit svært lite mindretal av eksisterande stoff på marknaden. REACH inneber derfor ein revolusjon når det gjeld krav til kunnskap og informasjon om kjemikaliar.

Det andre er at REACH vil stanse bruken av dei aller farlegaste kjemikaliane så langt som mogleg. For dei farlegaste miljøgiftene og dei mest helseskadelege stoffa finnest det ikkje sikre nivå av utslepp, og derfor skal bruk og utslepp stansast så langt som mogleg. REACH-forslaget inneheld ein autorisasjonsordning for desse farlegaste stoffa. Næringslivet må søkje om lov for å nytte dei vidare, og vise at dei gjer dette på eit trygt vis. Frå norsk side har vi allereie som mål å stanse utslepp av alle miljøgifter innan 2020, og ein slik autorisasjonsordning samsvarer derfor godt med norsk politikk.

Det tredje er at det er naudsynt at industrien tar meir ansvar for tryggleiken av sine produkt. I dag er situasjonen at næringslivet i for lita grad testar kjemikaliane dei marknadsfør. Informasjon om helse- og miljøeffektar blir då heller ikkje tilgjengeleg for andre. Om styresmaktene i dag har mistanke mot eit kjemisk stoff og ønskjer å avgrense marknadsføringa, er det dei som har ansvaret for å bevise risiko, noko som er svært tidkrevjande og vanskeleg når industrien ikkje samarbeider. Dette gir for det første lite kunnskap. Det gir også lite tillit til kjemikalieindustrien frå brukarar av kjemikaliar.

Morgondagen må være slik at næringslivet sjølv tar ansvar for at produkta deira er tryggje nok, og slik at dei sørgjer for tiltak for å unngå at produkta utgjer ein uakseptabel risiko for helse og miljø og at produkta deira ikkje inneheld kjemikaliar med dei farlegaste eigenskapa. REACH er eit første forsøk på å få dette til.

Nå vil nokon seie at REACH blir for dyrt, og det har i debatten blitt kasta fram ulike milliardbeløp. Eg skal ikkje her meine noko om kostnaden, men peike på at det vil vere mykje dyrare å la vere.

Dei milliardkostnadene vi får i Noreg med å rydde opp i forureina sediment viser tydeleg at dette er eit område der det verkeleg løner seg å vere føre var. Eg trur også at dersom ikkje forbrukarar kan ha tillit til at kjemikaliane er testa for kva for verknad dei har på helse og miljø, vil industrien tape i det lange løp.

Likevel, EUs REACH-forslag er sjølvsagt ikkje perfekt. Miljøverndepartementet har fleire gonger under EU-kommisjonens arbeid med forslaget gjeve norske kommentarar for å få ein sterkare helse- og miljøprofil. Vi har også nyleg laga eit nytt norsk posisjonspapir (saman med NHD og AAD) som no er offentleg, og som arrangørane skal ha gjort tilgjengeleg her. Der foreslår vi fem konkrete forbetringar av REACH-forslaget. Hovudbodskapen vår er at innsatsen under REACH må ha særleg fokus mot dei områda der gevinstane for helse og miljø er størst. Forslaget kan derfor styrkast ved:

  1. Å prioritere tidleg registrering av kjemikaliane som utgjør størst forventa risiko for helse og miljø, mens kjemikaliar med mindre forventa risiko ikkje prioriterast.
  2. Å få helse- og miljøomsyn og omsyn til konkurranseevna betre inn i målformuleringane, og inkludera ein allmenn plikt til aktsemd (slik som vi allereie har han i Noreg).
  3. Å sikre at autorisasjonsordninga for dei farlegaste kjemikaliane blir eit effektivt verktøy for å fjerne den uakseptable risiko frå utslepp av desse kjemikaliane.
  4. Å avklare forholdet til annen lovgiving, særleg reglane for arbeidsmiljø.
  5. Å inkludera fleire kjemiske eigenskapar for harmonisert klassifisering og merking.

Desse fem punkta skal vi ha med oss og overbringa når vi diskuterer kjemikaliar med andre EU-land eller andre som kan ha interesse.

Det viktigaste spørsmålet for oss må vere: Er REACH svaret? Møter det utfordringane? Etter mi meining kan det langt på vei gjere det, sjølv om vi meiner at det kan bli betre. Men ingenting er jo vedteke i EU enno, og vil truleg ikkje bli det før tidlegast i 2006. Så det er om å gjere å håpe at resultatet ikkje blir dårlegare, men tvert i mot endå betre enn det forslaget som no er på bordet.

Eg håper og at ein klarer å halde fokus på dei enorme utfordringane som den nye kjemikaliepolitikken skal møte. REACH på engelsk tyder mellom anna å strekke seg. Det meiner eg er eit godt namn, for skal vi gjere framsteg på å redusere risiko frå helse og miljøfarlege kjemikaliar, må vi ha noko nytt som vi må strekke oss etter. Elles likner det nok for mykje på det vi har frå før.