Historisk arkiv

Statsrådens tale til fylkesmennene på fylkesmannsmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøvernminister Knut Arild Hareide

Statsrådens tale til fylkesmennene på fylkesmannsmøte

Regjeringskvartalet 13. oktober 2004

Vi har mange utfordringar framføre oss.

Dei menneskeskapte klimaendringane er den største globale utfordringa slik eg ser det. Fattigdom og miljø er ei anna global utfordring som fortener auka merksemd.

Vi har òg utfordringar på miljøsida her heime der fylkesmennene har ei særleg viktig rolle å spele.

Dei fire viktigaste sakene eg vil innleie på her i dag er plansakene, friluftsliv, vern og rovdyr.

På slutten vil eg også seie litt om kommunalt miljøvern, tilsyn, forbruk, miljøgifter og kulturminne.

Plansakene avgjer arealbruken for 89 prosent av landet

Fylkesmennene har ei særs viktig oppgåve med å sikre at nasjonale interesser blir tekne omsyn til i den kommunale planlegginga. Om nødvendig ved å fremje motsegn.

Dette er ei krevjande oppgåve.

Eg er klar over at fylkesmennene ofte vert utsett for eit sterkt press i slike saker.

Samstundes er det nødvendig at fylkesmennene tek dette ansvaret og hindrar utbygging i område som klart bør takast vare på.

Eg er særleg oppteken av å sikre strandsona, landskap, kulturmiljø og område som er viktige for det biologiske mangfaldet. Strandsona kjem eg attende til.

Eg vil også at vi saman skjerpar inn kravet til ei arealeffektiv utvikling av byane og tettstadene.

Vi må skapa eit betre bymiljø og unngå spreidd utbygging i viktige natur-, frilufts- og landbruksområde.

Eg er innstilt på å støtte fylkesmennene sin innsats på dette området. Eg forventar samtidig at de legg vekt på aktivt samarbeid og dialog med kommunane.

Vi skal i haust ha ei rekkje samlingar med fokus på kommunane og deira ansvar for arealplanlegging og miljø.

Vi er særs godt nøgde med det arbeidet fylkesmennene har utført for å førebu desse samlingane.

Departementet ønskjer med dette å vere meir offensiv og tydeleg innan arealpolitikken.

Friluftslivet skal ha høg prioritet framover

Når eg har ein søndag fri prøver eg å komme meg ut i naturen.

Friluftsliv gir god helse og gode opplevingar.

Så kan eg som økonom også seie at friluftsliv er samfunnsøkonomisk positivt.

Vi får tifald att i høve til det vi investerer.

Men det tenker vi heldigvis ikkje på når vi er ute i naturen.

Felles opplevingar utom døra har viktige sosiale dimensjonar,

- og i motsetnad til idretten skaper friluftslivet ingen taparar!

Budsjettet vi har lagt fram syner at vi meiner alvor med friluftslivet.

2005 skal bli Friluftslivets år.

Vi har allereie planlagt ein del kring Friluftlivsåret saman med FRIFO.

Vi ser mange høve til å markere positive og spanande friluftssaker gjennom året.

Det er flott om fylkesmennene stør opp om ulike arrangement som organisasjonane dreg i gang.

Friluftsliv er også førebyggjande helsevern.

Her ser eg fylkesmennene har høve til å utvikle samarbeidet med fylkeslegen og utdanningsdirektøren - for å styrke arbeidet med barn og unges oppvekstvilkår.

Ei sak som ligg meg spesielt på frilufts-hjartet, er tilgangen til strandsona.

Vi har alle som borgarar rett til å ferdast i naturen vår.

Då må vi også sette inn verkemidla der vi ser at denne retten er under press.

Derfor skal vi ha ekstra fokus på arbeidet med strandsona framover.

Eg vil gi fylkesmennene ros for at de har stått på i arbeidet med strandsona.

Departementet har no langt på veg lagt ein strategi for betre forvaltning av strandsona.

Element i denne strategien er:

  • å utfordre kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn til ei meir aktiv oppfølging av dei nasjonale måla for strandsona, når dei handsamar dispensasjonar og plansaker
  • å prioritere kystsona i oppfølginga av Planlovutvalets arbeid
  • å effektivisere rapporteringa av dispensasjonar
  • å sikre og leggje til rette for friluftsliv i dei mest attraktive områda. Dette gjer vi mellom anna ved å føre vidare sikringsprosjektet med Friluftsrådenes landsforbund
  • å betre høva til å ferdast ved å etablere kyststiar og fjerne uheldige stengsler frå strandsona

Det er viktig for meg å understreke at vi må sjå heilskapen i friluftslivpolitikken.

Sikringsarbeidet, planarbeidet og ein streng praksis for dispensasjonar er supplerande verkemiddel for å sikre at strandsona er tilgjengeleg.

Det bør ikkje vere slik

- at vi betaler for å sikre område for friluftsliv med den eine handa

- for så med den andre handa å gi dispensasjonar til nedbygging av strandsona.

Eg har merka meg at enkelte parti ikkje synest å ha tiltru til at kommunane kan handtera streng dispensasjonspraksis og god planlegging i strandsona.

- Dei vil derfor endre ansvarsdelinga.

Eg er ikkje overtydd om at ansvarsdelinga bør endrast.

Vi er avhengige av å ha kommunane med på laget.

Mange kommunar har òg ein restriktiv praksis.

Eg vil likevel vurdere om regelverket kan gjerast tydlegare.

Planlovutvalet sitt arbeid gir eit godt grunnlag for ei eventuell endring.

Same kva vi gjer med reglane:

- Det er behov for å styrke samarbeidet mellom kommunen og regionale styresmakter.

Fylkesmannen sin kompetanse og kontakt med kommunane om plansaker og dispensasjonar er til dømes styrka med Kystsonenettverket frå Østfold til Rogaland.

Derfor vil eg etablere eit landsdekkjande nettverk.

Eg vil gi rettleiing som viser kommunane og fylkesmannen korleis dei kan og bruke plan- og bygningslova og friluftslova betre i høve til både utbygging og stengsler.

Eg vil at fylkesmannen skal gi klare signal til kommunane.

Klare signal om at miljøverdiane i strandsona skal prioriterast og takast omsyn til ved handsaminga av plansaker og dispensasjonssaker.

Eg vil støtte fylkesmannen i saker med motsegn som gjeld strandsona

- der det er konflikt med nasjonale mål.

Tilgjenge for alle gjennom arealpolitikken

Samfunnet skal ha plass til alle.

Dei med nedsett funksjonsevne skal ha same høve til personleg utvikling og livsutfalding som andre.

Arealpolitikken blir her viktig for å sikre auka tilgjenge til bygningar, transport og utemiljø.

Vi legg i slutten av oktober/byrjinga av november fram ei handlingsplan om universell utforming.

Planen har verknad for regionalt og lokalt nivå.

Vi treng derfor fylkesmennene med på laget for å oppnå auka medvitnad og mobiliser­ing på dette viktige feltet.

- Å stanse tapet av det biologiske mangfaldet innan 2010 er ei anna sak med høg prioritet.

"Jeg har en plan" – seier Egon Olsen.

Vi må òg ha ei plan, ein strategi, om vi skal klare å nå dette målet.

Eg tek sikte på å presentere ein slik strategi til våren.

Fylkesmennene har ei særs viktig rolle i å medverke til at vi når målet om å stanse tapet av biomangfaldet.

Eg ser for eksempel at de gjer ein framifrå jobb med gjennomføringa av nasjonalparkplanen og fylkesvise verneplanar.

Regjeringa treng eit best mogleg grunnlag for sine vernevedtak.

Verneplanarbeid er omfattande og fylkesmannen brukar store ressursar på dette.

Det er heller ikkje noko lett arbeid.

Vi registrerer at fylkesmannen sine medarbeidarar enkelte stader får mykje peppar frå kommunar og grunneigarar.

Ein kan ikkje organisera seg bort frå reelle konfliktar og interessemotsetnader.

- Men ein kan leggje opp planprosessar som i størst mogleg grad er inkluderande og tek partane med på råd.

Dermed kan iallfall konfliktar som ikkje er nødvendige lukast bort.

Fleire fylkesmenn har etterkvart hausta mykje erfaring med slike prosessar.

Planlegginga ser no ut til å gå lettare fleire stader.

Vi har hatt eit høgt vernetempo dei seinaste åra.

Dette skal vi halde fram med enno nokre år.

Men vi skal satse meir på forvalting og skjøtsel av verneområda.

Derfor har vi i budsjettet lagt inn 4,5 millionar kroner meir til dette føremålet!

Det som óg er viktig å trekkje fram, er dei høva som vern skaper

- for næringsutvikling og verdiskaping i ei tid med store omstillingar m.a. i landbruket.

Ikkje alle politikarar har enno sett dette

- men det er med stor glede eg ser at fleire og fleire kommunar tek utfordringa.

Det er svært positivt at fylkesmennene tek del i dette arbeidet.

Naturbruksprosjektet i Sogn og Fjordane synest eg er eit godt døme.

40 millionar meir til skogvern i 2005!

- dersom budsjettet blir slik vi vil.

Vi har to overordna mål i det vidare arbeidet for å auke skogvernet:

For det første: Å sikre fortsett høg kvalitet.

For det andre: Å redusere konfliktane.

Høg kvalitet skal vi nå mellom anna ved å sikre at dei viktigaste områda blir fanga opp i skogvernarbeidet.

Konfliktane skal vi redusere mellom anna ved å auke vernet av skog på statsgrunn og bruke frivillig vern som ein viktig arbeidsmåte.

I tillegg satsar vi på makeskifte og vederlagsordningar.

Fleire av fylkesmannsembeta er alt tungt inne i arbeidet med nytt skogvern.

Det gjeld

- frivillige verneprosessar i samarbeid med Norges Skogeigarforbund

- verneprosessar på statsgrunn

- utgreiing av krevjande enkeltsaker som Trillemarka-Rollagsfjell

Som de skjøner vil dei fleste av skogvern-aktivitetane i 2005 involvere dykk i høg grad.

Dette arbeidet er viktig - og det vil ha høg prioritet.

Eg håper vi skal få til eit entusiastisk og effektivt samarbeid i alle ledd.

Det gjeld både mellom departementet, direktoratet og dykk i fylka !

Stortinget har no handsama rovviltmeldinga

Arbeidet med å nemne opp personar til dei åtte rovviltnemndene er godt i gang.

Samtidig har vi - som dei fleste av dykk veit - sendt på høyring ei forskrift som regulerer alle sider ved den nye rovviltforvaltninga.

I forskrifta ligg både mål for mengda av rovvilt i kvar region og regulering av myndigheita til fylkesmannen, rovviltnemndene og Direktoratet for naturforvaltning.

Rovviltnemndene skal ha det overordna ansvaret for alle sider ved rovviltforvaltninga i sin region.

Dette gjeld både lisensjakt, kvotejakt, skadefelling og førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Ansvaret gjeld også tilrådingar om landbrukspolitiske og reindriftspolitiske verkemiddel for å få til ein god samordna innsats frå staten si side.

Nemnda sin samla strategi skal nedfellast i ein forvaltningsplan for rovvilt i regionen.

Ein fylkesmann i kvar region vil få ansvaret for å vere fagleg sekretariat for rovviltnemnda.

Sekretariatet skal leggje til rette for gode vedtak i nemnda.

Her vert det viktig å samarbeide godt med andre fylkesmenn innafor regionen.

I tillegg skal fylkesmannen fatte vedtak om felling innafor dei kvotene nemnda vedtek.

Fylkesmannen skal óg administrere lisensjakt og kvotejakt.

Vidare får fylkesmannen ansvaret for å løyve midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i sitt fylke. Pengane til tiltaka blir fordelte av rovviltnemnda.

Fylkesmannen skal òg sikre ei god samordning med dei landbrukspolitiske og reindriftspolitiske verkemidla i fylket sitt.

BU-midlane peikar seg særskild ut, saman med det regionale miljøprogrammet i landbruket.

Føringane for bruken av såkalla SMIL-midlar i kommunane er og aktuelle.

Eg er kjend med at enkelte fylkesmenn ønskjer å føre vidare ordninga med regionale rovviltutval - sjølv om desse utvala ikkje lenger får ei formell rolle.

Eg meiner det kan vere klokt å halde ved lag eit slags kontaktforum i fylket.

Eit forum som kan sikre god forankring mot organisasjonar på regionalt nivå

- og mellom rovviltnemndene og organisasjonane.

Vi skal utover hausten og vinteren få på plass ei ny organisering.

Organiseringa skal sikre det samla talet rovdyr som Stortinget byggjer på.

Samtidig skal vi leggje stor vekt på gode ordningar mot dei som tek børene.

Fylkesmannen vil ha ei nøkkelrolle i dette viktige arbeidet.

Arbeidet med lokalt miljøvern må få ny giv

Kommunane er svært viktige for gjennomføringa av nasjonal miljøpolitikk.

Dei har samstundes svært ulike føresetnader for å løyse desse oppgåvene.

Mellom anna er kompetansen til dels dårleg i dei minste kommunane.

Fylkesmennene har her ei nøkkelrolle og må stimulere til auka innsats på miljøområdet.

Eg ønskjer at vi skal vere ein interessert stat som gir kommunane aktiv oppfølging og rettleiing. Men vi må også kunne etter­spørje resultat.

Fylkesmennene bør konkret utnytte dei høva som ligg i å bruke skjønnsmidla på nasjonalt prioriterte miljøområde.

Tilsyn, forbruk og miljøgifter er tre tema eg vil leggje vekt på i arbeidet mitt

Det er særleg viktig at de held fram arbeidet med å styrke tilsynet på forureiningsområdet.

- Især overfor næringsliv som kan gi utslepp til miljøet.

Å få kontroll på dei mange og diffuse forureiningskjeldene er viktig for å betre miljøtilstanden.

Forbruket vårt er kjelde til mange miljøproblem

- i vårt eige land så vel som i andre delar av verda.

Vi har derfor eit stort ansvar for å hindre at vekst i forbruk og levestandard ikkje gir tilsvarande vekst i miljøproblem.

Som miljøvernminister kjenner eg ansvar for å gjere det enklare å velje grønt.

Offentleg sektor i Noreg kjøper kvart år varer og tenester for meir enn 200 milliardar kroner. Staten sin del av dette er omlag 75 milliardar kroner.

Vi har derfor stor makt i marknaden

- og såleis eit stort ansvar i å gå føre med eit godt døme.

Fylkesmennene bør vere ein føregangsetat i regionane for grøne innkjøp.

Satsinga på Grøn Stat blir ført vidare, og arbeidet med grøne offentlege innkjøp skal styrkast vesentleg.

Å rydde opp i gamal forureining er framleis høgt prioritert

Fylkesmennene må i 2005 prioritere to viktige delmål:

Første runde med fylkesvise tiltaksplanar for forureina sediment skal vere ferdige.

Samtidig må de medverke til at opprydding og undersøkingar på dei 600 prioriterte lokalitetane med forureina grunn kan gjennomførast.

Regjeringa vil i januar 2005 leggje fram stortingsmelding om kulturminnepolitikken

Noreg er eitt av få land i verda som har plassert ansvaret for den fysiske kulturarven under miljøvernministeren.

Kvifor?

Jau, fordi det er ein nær samanhang mellom naturforvaltning, forureining og forvalting av kulturminne.

Ikkje minst er arealpolitikken avgjerande for å sikre rik natur, rein luft, reint vatn og ein levande og mangfaldig kulturarv.

Kulturelt mangfald er like nødvendig for menneskja som biologisk mangfald er for naturen, seier UNESCO.

Kulturarven fortel menneskja si historie og har ein verdi i seg sjølv.

Kulturarven gir oss kunnskap og oppleving.

Å ta vare på og bruke kulturminna er god ressursforvaltning.

I utbygginga av gamle Rikshospitalet til dømes.

- Gjenbruk av den verdifulle bygningsmassen og miljøvennleg utbyggingstema

førte til at heile 98 prosent av bygningsmaterialane vart brukt opp att!

Kulturminne er også hovudattraksjonar i reiselivssamanheng.

I aukande grad blir kultur- og naturverdiar sett på som verdifulle ressursar i stadsutvikling og næringslivsutvikling.

Likevel:

I dag blir mange kulturminne nedslitne og øydelagde - med dei tap det har for samfunnet.

Målet mitt er at miljøverdiane skal bli tekne på alvor og at mangfaldet av natur- og kulturminneverdiar skal bli sett på som ressursar.

- At det skal vere meiningsfylt å bruke og verne verdiane og at ein skal gjere det med glede.

Eg veit at miljøforvaltninga gjer ein viktig innsats for kulturminna.

Men eg trur vi kan kome enda lenger.

Fylkesmennene vil også få ei rolle i oppfølginga av kulturminnemeldinga.

Korleis – kjem eg attende til når kulturminnemeldinga vert lagt fram.

Avslutning:

Desse jobbane:

plansakene, friluftslivet, vernesakene og rovdyra

- vil krevje stor innsats i året som kjem.

- det same gjeld

lokalt miljøvern, tilsyn, forbruk, miljøgifter og kulturminna.

Fylkesmennene har ei viktig rolle framover

- både som gjennomførar av nasjonal miljøvernpolitikk

- og som fagleg støttespelar og pådrivar overfor kommunane og næringslivet.

Saman har vi eit forvaltaransvar.

Eg skal gjere så godt eg kan som politikar.

Eg kjenner meg òg trygg på at de, fylkesmennene, vil gjere det same i dykkar rolle.