Historisk arkiv

Arbeidsseminar for barnerepresentantar etter plan- og bygningslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Opning ved miljøvernminister Knut Arild Hareide

Arbeidsseminar for barnerepresentantar 23. og 24. mai 2005

OPNING, ved miljøvernminister Knut Arild Hareide.

DET ER EI GLEDE FOR MEG Å ØNSKJE VELKOMMEN TIL OSLO OG TIL DENNE SAMLINGA FOR BARNEREPRESENTANTAR.

I kva grad lokalmiljøet og nærmiljøet vert opplev godt og gjev rom for aktivitetar og sosialt samvær er utroleg viktig for barns utvikling og oppvekst. Vi veit med oss sjølv korleis oppveksten har påverka og farga oss, enten vi kjem frå landsbygda eller byen.

Som planleggingsminister er eg oppteken av korleis vi gjennom planlegging nettopp kan forme, endre og skape gode oppvekst- og levekår for barna som skal vekse opp. Derfor synes eg det er viktig at vi som styrer utviklinga i samfunnet på alle nivå, statlig, regionalt og på kommunalt nivå, har fokus på barna og deira levekår i vårt arbeid.

Vi må sjå korleis dei har det og ikkje minst ta omsyn til korleis dei vil få det i det samfunnet vi planlegg.

Omsynet til det beste for barna må difor leggjast til grunn for dei avgjerde vi vaksne tek som gjeld dei. Barn er sjølve dei beste til å seie korleis dei bruker nærområda sine, og kva dei kan brukast til. Difor må barn få være med å påverke kvardagen sin og omgjevnadene sine gjennom deltaking i den planlegginga som skjer i kommunane.

Eg vil gjerna gjere mitt for å gjere dette mogleg. I planlovutvalet sitt forslag til ny Plan- og bygningslov vert kravet til at ein skal ta omsyn til gode bumiljø, gode oppvekst- og levekår når ein legg planar i kommunane forsterka. Dette meiner eg er bra. Ein har i lova sagt at kommunen skal ta omsyn til kva endringar desse planane gjer på desse områda som er så viktige spesielt for barna, nemleg deira bomiljø, oppvekst- og levekår.

Lova krev óg aktiv medverknad frå befolkninga i planlegginga. Kommunane får eit særskilt ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev særskilt tilrettelegging, mellom andre barn og unge. Dette er ei forsterking av rolla til barn og unge i planlegginga, slik eg ser det. Eg vil følgje opp desse forslaga i det arbeidet som vi no gjer med å skrive forslag til ny lov. Lova vil venteleg bli handsama i Odelstinget i 2006.

FN laga sin barnekonvensjon for 15 år sia, og den seier at omsynet til det beste for barna skal gjelde alle handlingar der barn er med. Barn, alle under 18 år, har rett til å si si meining i alt som vedkjem det og meininga til barn skal bli høyrd.

Stortinget meinte i 2003 at Noreg si plikt til å følgje denne gjennom ratifiseringa, ikkje var sterk nok. Stortinget ville ha barnekonvensjonen lovfesta, og tok den inn i lova om menneskerettighetar. Dette er eit sterkt signal, skulle eg meine, når eit samla storting står bak kravet om at barna skal bli høyrd i all planlegging!

Interessene til barna skal takast vare på, enten direkte ved at barn tek del i eller gjennom dei som skal representere barna i planlegginga, nemlig barnerepresentanten. Men eg vil likevel si høgt og tydeleg at det er kommunen sitt ansvar å sørgje for at det beste for barna ligger til grunn i planlegging. Barnerepresentanten skal bare sjå til at det skjer.

Vi ynskjer gode nærmiljø der barna finn areal for leik og opphald ikkje langt frå der dei bur. Vi ynskjer allsidige areal for fysisk aktivitet, ballspel, hoppe tau og strikk, klatring og omgjevnader som er så freistande at dei får lyst til å springe, sykle, leke sisten eller gøymsel. Vi veit kor viktig det er at barn er fysisk aktive, både for å utvikle motorikken – men ikkje minst for gleda og helsa si skuld. Barn trenger både areal der dei kan leike og der dei kan være stille.

Eg veit at areala er under press i byar og tettstader. Byane fortel om det og de har fortalt om det i skjema dykkar. Små grøne lunger, regulerte og uregulerte leikeplassar, akebakkar, små paradis for barna blir borte i utbyggingar. Eg ynskjer å påverke kommunane til å ta meir vare på kvaliteten i uteområda. Eg vil at kommunane skal ta meir omsyn til og ta vare på friområde, grøntområde, leikeplassar og flekkar, plassar som både barn, unge og alle andre kan nyte i nærmiljøet sitt. Kvaliteten i omgjevnaden og heilskapen den gjev må bevarast. Vi gjer det vi kan for å legge til rette for at lovverk, retningsliner og forskrifter gjer dette mogleg.

I dag vil de sjå at det barna opplever som sitt lekeareal, ikkje er det vi vaksne brått ville tenkje på. Dei kvalitetane dei ser i nærmiljøet sitt, stemmer ikkje alltid med kva som er planlagt. Og det er interessant, røynda ser ofte annleis ut gjennom barnas augo.

DET ER FLOTT AT SÅ MANGE HAR KOME HIT DESSE TO DAGANE.

DET ER GODT Å VITE AT DE ALLE ARBEIDER FOR BARN OG UNGE SINE INTERESSER I PLANLEGGINGA. DE GJER EIN KJEMPEVIKTIG JOBB!

VELKOMMEN ALLE SAMAN!