Historisk arkiv

Auka aktivitet i Barentshavet — kva med miljøet?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Auka aktivitet i Barentshavet – kva med miljøet?

Av miljøvernminister Knut Arild Hareide (31.05.05)

Sjølv om Barentshavet i dag er eit av dei reinaste havområda i verda, er det fleire varsellamper som lyser for framtida. Farlege kjemikaliar hopar seg opp og klimaendringane i nord er allereie ein realitet. Ny aktivitet medfører auka risiko for utslepp. Det sårbare økosystemet i Barentshavet må derfor forvaltast på ein berekraftig måte, slik at også kommande generasjonar får grunnlag for verdiskaping.

PloarlomviRegjeringa har hatt fornying av norsk havmiljøpolitikk som prioritet frå første stund. I tråd med Sem-erklæringa frå 2001 starta arbeidet med heilskapeleg forvaltningsplan for Barentshavet i 2002. Våren 2002 la vi samstundes fram Havmiljømeldinga. Når vi veit kor betydningsfullt reine og rike havområde er for busetjing, arbeid og verdiskaping i det norske samfunnet, er det underleg at ei slik melding ikkje har komme langt tidligare.

Det uvanleg produktive økosystemet i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten har gjort at norsk fiskerinæring dei siste ti åra har teke opp fisk til ein verdi opp mot 50 milliardar kroner. Desse kommersielle fiskebestandane er del av eit sårbart økosystem som også omfattar mange andre mindre kjente artar og rike sjøfuglbestandar (foto: polarlomvi (Hallvard Strøm, Norsk Polarinstitutt)). Livet i Barentshavet er resultat av ein følsam balansegang i utkanten av Europa, på grensa mellom polare strøk og Golfstraumen.

Regjeringa sitt hovudargument for å starte arbeidet med nettopp Barentshavet, er sjølvsagt det auka presset på miljøet som dei nye aktivitetane i områda inneber.

Auken i oljetransporten frå Nordvest-Russland langs kysten av Nord-Noreg er ei kjelde til bekymring. Det same gjeld sjansen for utbygging av dei store olje- og gassfelta til havs på russisk side av Barentshavet. På norsk side av Barentshavet er det sett i gang leiteboringar vinteren 2005 innanfor nokre av dei strengaste miljørammene i verda. Eg er oppteken av at vi skal gå varsamt fram. Utfordringa er å få oversikt over dei samla konsekvensane av desse aktivitetane for miljøet i Barentshavet, saman med eksisterande påverknad.

Kva vil den samla risikoen for uhellsutslepp bety i området framover, og kva skal til for å sikre seg mot at ulukker ikkje oppstår? Og ikkje minst: Korleis kan vi avgrense konsekvensane dersom ulukka likevel skulle vere ute?

Miljøet er under press og vi har no meir kunnskap om til dømes skipsfart, langtransportert luftforureining og klimaendringar. Eg viser særleg til rapportane som er utarbeidde av fagdirektorat det siste året og til resultata frå den arktiske klimastudien (Arctic Climate Impact Assessment – ACIA). ACIA-rapporten viser at klimaendringane allereie er ein realitet i Nord-områda der Barentshavet inngår. Utbreiinga av havis i sommarhalvåret er sterkt redusert dei siste tiåra, og denne utviklinga vil truleg halde fram. Dette kan ha stor innverknad på produksjonsmønsteret i havet.

Noreg er eit føregangsland innan havforsking. Dette ser ein særleg gjennom auka kunnskap om samanhengen mellom ulike fiskebestandar når ein gjer vedtak om storleik på kvotar. Trass i alt dette er det stor semje om at ein framleis ikkje veit mykje om dei sentrale samanhengane i Barentshavet. Men vi kan ikkje vente med ein samla plan for Barentshavet. Den må vi lage no.

Politikken må vere i forkant av utviklinga. Vi treng ei brei tilnærming og ei føre var-tilnærming. I havmiljømeldinga (St. meld. nr. 12 (2001-2002) har Regjeringa derfor signalisert at det må lagast ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet der alle sektorane blir trekte inn, særleg skipstrafikken, fiskeria og petroleumsverksemda. Arbeidet er godt i gang og planen skal leggjast fram for Stortinget i 2006. Forvaltningsplanen har plassert Noreg i front internasjonalt når det gjeld havmiljøsatsing. Miljøtilstanden i Austersjøen er eit eksempel på kva som kan skje om ein ligg i etterkant. Der har samla utslepp av miljøgifter, næringssalt og organisk materiale ført til krise i økosystemet.

Ein sentral del av forvaltningsplanen for Barentshavet vil vere å etablere mål for utviklinga i området og indikatorar som kan gi kontinuerleg oversikt over tilstanden i økosystemet. Dette gjeld til dømes på kjemikaliar, biodiversitet og samla risiko for utslepp. Denne tilnærminga vil sikre at ein ikkje mister det samla biletet gjennom separate utsleppskrav på enkeltkjelder. Her ligg òg ei utfordring for forvaltninga som no er spreidd på mange direktorat og departement. Koordineringa av politikken i Barentshavet må bli betre.

Omfattande utgreiingar som trekkjer opp utviklinga framover, er på bordet. No blir det viktig å diskutere desse utgreiingane, men også behovet for tiltak, slik som soner for miljø og fiskeri, auka beredskap og skipsleier. På ein stor konferanse i Tromsø 24.–25. mai 2005 vil fagfolk og interesserte samlast til ein slik diskusjon, som eg trur kan blir svært viktig for korleis forvaltningsplanen skal sjå ut til slutt.

Visjonen for oss alle som kjem til Tromsø er at Barentshavet og havområda utanfor Lofoten skal vere eit reint og rikt hav også for framtida.