Historisk arkiv

Kyotoprotokollen — ei milestolpe!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Opningsforedrag - Arrangement for å markere at Kyotoprotokollen trer i kraft.

Arrangement for å markere at Kyotoprotokollen trer i kraft, 16. februar 2005. Opningsforedrag av miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Kyotoprotokollen – ei milestolpe!

Kjære klimavenner,

Det er ei stor glede for meg å kunne delta på denne markeringa av Kyotoprotokollen. Eg vil gjerne takke CICERO og Naturvernforbundet for dette initiativet og for invitasjonen til å halde opningsforedraget. Vi veit at slike markeringar i dag finn stad – bokstaveleg tala – verda rundt. Om eit par timar startar mellom anna eit større symposium i Kyoto, fødestaden for protokollen. Noreg har vore ein støttespelar for Kyotoprotokollen heilt sidan forhandlingane starta for rundt ti år sidan, og det er heilt på sin plass at ei slik markering og skjer her. Eg er derfor glad for å sjå at det i dag er deltaking frå så mange institusjonar og enkeltpersonar med interesse for klimaproblemet og internasjonal og nasjonal klimapolitikk.

Kyotoprotokollen – ei milestolpe

Når Kyotoprotokollen trer i kraft i dag, er dette ei milestolpe i det internasjonale klimasamarbeidet. Det har vore eit langt og stridt laup, men endeleg er denne historiske avtalen stadfesta av dei landa som trengs for at han kan tre i kraft. Det vil ha mykje å seie for både nasjonal og internasjonal klimapolitikk i åra framover.

Mykje er allereie skrive om historia til Kyotoprotokollen. Forhandlingane om protokollen var sers vanskelege, slik tilfellet rett nok er for mange viktige internasjonale avtalar. Etter at protokollen vart forhandla fram i 1997, gjekk det heile fire år til før ein hadde det meir detaljerte regelverket på plass. Dette regelverket var naudsynt for at industrilanda skulle ha eit tilstrekkeleg grunnlag for å ratifisere protokollen.

At USA melde seg ut undervegs var sers negativt. Men samtidig vart viljen til å lukkast med forhandlingane større blant dei andre landa. At ein vart samde til slutt er i seg sjølv eit sterkt signal om den viljen verdssamfunnet viser til å løyse klimaproblemet. I dag har i alt 140 statar og Det europeiske fellesskapet ratifisert protokollen. Noreg var sjølv eit av dei første industrilanda som ratifiserte protokollen den 30. mai 2002.

Eg synest det er grunn til å notere seg at Kyotoprotokollen har ført mykje positivt med seg allereie før han tredde i kraft. Dei siste åra har det vorte etablert banebrytande nasjonale kvotesystem i Europa. Desse kvotesystema er sentrale i fleire land sine strategiar for å oppfylle utsleppsforpliktingane under protokollen. Ein internasjonal marknad for handel i klimakvotar er i ferd med å vakse fram. Kvotesystema vil leie til utsleppsreduksjonar av ein storleik som vi ikkje har sett før, og vil kunne vere modell for andre land.

Den grøne utviklingsmekanismen vart sett i gang for tre år sidan. Mekanismen oppmuntrar til investeringar i utslippsreduserande klimaprosjekt i utviklingsland som også fremjar berekraftig utvikling. Det er ein stor og vaksande aktivitet knytt til dei mogelegheiter som ligg i denne mekanismen – både på i-lands- og u-landssida. Dei to fyrste prosjekta er godkjende og ei stor mengd nye prosjekt er på veg.

Fleire av desse positive utviklingstrekka syner kor viktig Kyotoprotokollen er og korleis han vil prege klimapolitikken i åra framover. Difor er det og heilt avgjerande at protokollen no endeleg trer i kraft og vert rettsleg bindande. Ikkje minst fjernar det mykje tvil om ramane kring det arbeidet som må gjerast nasjonalt. Det vil også ha mykje å seie for forhandlingane om internasjonale klimaavtalar etter 2012.

Heilt konkret kan vi i dag mellom anna slå fast at:

35 industriland og Det europeiske fellesskapet no er juridisk bundne til å redusere sine samla utslepp av klimagassar til under 1990-nivå i femårsperioden 2008-2012.

Den internasjonale marknaden for karbonhandel får eit sers sterkt signal. Kvotehandelssystemet under protokollen gjer det mogeleg for industriland å kjøpe og selje utsleppskredittar seg imellom. Denne marknadsbaserte tilnærminga vil gje meir kostnadseffektive utsleppskutt.

Den grøne utviklingsmekanismen får eit kraftig løft, ettersom mykje uvisse om langsiktige investeringar no er borte.

Protokollen sitt tilpassingsfond, etablert i 2001, kan byrje å hjelpe utviklingsland med å takle dei negative effektane av klimaendringar.

Norsk klimapolitikk og oppfylling av utsleppskrava i Kyotoprotokollen

At protokollen trer i kraft gir sjølvsagt og ein inspirasjon og eit lyft til det arbeidet vi gjer her i Noreg. Vi har som part i Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen tatt på oss vår del av ansvaret for å gjere noko med det globale klimaproblemet. Noreg har i lang tid hatt eit av dei beste nasjonale verkemiddelapparata for reduksjon i utslepp av klimagassar. Med den nye klimakvotelova som vart godkjend i Stortinget før jul vart vi og eit av dei fyrste landa i verda som har eit heildekkjande verkemiddelapparat på klimaområdet.

Systemet for kvotehandel med klimagassar som vert oppretta under klimakvotelova er eit sers viktig skritt i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa. Etablering av eit kvotesystem no vil og gi oss viktig erfaring med eit verkemiddel som vil bli sentralt i det vidare arbeidet med å redusere utsleppa av klimagassar, både nasjonalt og globalt.

Dei siste tala over utsleppsutviklinga her heime syner kor viktig det er at denne styrkinga av det samla verkemiddelapparatet no finn stad. Noreg er no jamt over blant dei landa i verda som har innført dei sterkaste og mest omfattande verkemidla mot klimagassutslepp. Vi har difor ein god basis for å kome vidare, men vi vil trengje ytterlegare grep for å nå dei forpliktingane vi har teke på oss under Kyotoprotokollen.

Likevel skal ikkje det vi gjer no bli ei sovepute i forhold til dei utfordringane vi står ovafor på lengre sikt. Korkje vi eller noko anna land er i nærleiken av målsnøret enno. For å bruke ein analogi frå sporten: Vi driv ikkje med sprint. Vi er inne i ein maraton, der det viktige er å gi alt frå start og så auka på etter kvart. Regjeringa er difor oppteken av korleis Noreg på lengre sikt kan oppnåvesentleg større reduksjonari dei nasjonale utsleppa – vi vil gjere det vi kan makte å gjere med utsleppa på kort sikt, men og sjå på kva som krevjast for naudsynte langsiktige endringar.

Den vitskaplege utviklinga

Den siste hovudrapporten frå FN sitt klimapanel frå 2001 synte at utviklinga i mellom anna temperatur, havnivå, istjukn og nedbør saman gir eit bilete av ein klode under oppvarming. I rapporten vart det konkludert med at det var nye og sterkare bevis på at menneskeleg aktivitet er den viktigaste årsaka til den globale oppvarminga vi har sett dei siste 50 åra. Sidan har det kome ny informasjon som syner at utviklinga, særleg i polarområda, går raskare og har meir alvorlege konsekvensar enn vi før har trudd.

Synlege klimaendringar skjer allereie fleire stader i verda. Det store forskingsarbeidet som nyleg vart gjort under Arktisk Råd, ACIA-utreiinga (avslutta hausten 2004), slår klårt fast at klimaet i Arktis er i sterk endring. Konsekvensane vil kunne merkast over heile verda, sidan endringar i islaget og havstraumar og vil påverke det globale klimaet.

Eg kjem sjølv nett tilbake frå ein tur til Antarktis, eit område som no syner seg å vere mykje meir sårbart enn vi kanskje hadde trudd. Den norske heilårs forskingsstasjonen Troll vil mellom anna kunne gi meir kunnskap om klimaendringane. På ein stor konferanse i Exeter for eit par veker sidan var det mykje fokus på mogelegheitene for at deler av det enorme islaget i Antarktis med tida kan kome til å gli ut i sjøen. Dette vil kunne auke havnivået med inntil fem meter. I likskap med endringane i Arktis, vil sjølvsagt slike endringar i Antarktis og ha globale konsekvensar.

Eg er ikkje i tvil om at klimaproblemet er den største miljøutfordringa verdssamfunnet står ovafor. Å løyse dette problemet vil krevje mykje av oss både nasjonalt og internasjonalt. Om rapportane frå FN sitt klimapanel og andre fagmiljø skal tas på alvor, må dei globale utsleppa truleg halverast i løpet av ein 50-års periode.

Kunngjering om lågutsleppssamfunnet

Det skal ikkje vere nokon tvil om at vi i Noreg er viljuge til å ta på oss vår "rettmessige" del av dei globale utsleppsreduksjonane. Eg er difor glad for å kunne bruke markeringa i dag til å varsle at Regjeringa no vil starte eit arbeid for å vurdere korleis Noreg vil kunne utviklast i retning av eit " lågutsleppssamfunn".

Regjeringa har vedteke at det skal setjast ned eit utval for å utreie ulike scenario for korleis vi kan oppnå betydelege reduksjonar i dei nasjonale utsleppa av klimagassar – ein "nasjonal klimavisjon for 2050". Utvalet skal ta utgangspunkt i at dei nasjonale utsleppa må reduserast med 50-80% innan 2050. Sentrale utviklingstrekk i samfunnet må analyserast ut frå kva for mogelegheiter dei gir for å skapa eit "lågutsleppssamfunn", og utvalet skal så langt som mogeleg analysere konsekvensar, kostnadar og nytte i både eit miljø- og verdiskapingsperspektiv.

Reduksjonsspennet på 50-80% er vald ut frå eit mål om stabilisering av CO 2-konsentrasjon på eit nivå som gjer at den globale temperaturstigninga skal kunne avgrensast til rundt 2°>C jamført med "føreindustrielt" nivå.

Utvalet skal ha brei kontakt og dialog med det sivile samfunnet. Dette kan mellom anna skje gjennom innspel i debattmøte, opne konsultasjonar og offentlege høyringar. Relevante fagmiljø vil og inkluderast aktivt i prosessen.

Sluttproduktet av utvalets arbeid skal presenterast i ein NOU-rapport. Utvalet vil få ein tidsramme på om lag 18 månader. På bakgrunn av utvalets konklusjonar, tar Regjeringa sikte på å utforme langsiktige nasjonale mål for utslepp av klimagassar.

Utfordringane framover

Klimatiltaka som no finn stad i ulike land verda rundt ville vore mykje verre å få på plass utan internasjonale avtalar. Sjølv om klimatiltak må gjennomførast i og av landa, treng vi overordna globale mål og eit forpliktande internasjonalt rammeverk. Vi veit og at Kyotoprotokollen berre er eit fyrste, lite steg på vegen. Det sentrale spørsmålet no er kva for eit internasjonalt klimaregime vi skal ha etter den første perioden av Kyotoprotokollen (2008-2012).

Mitt bodskap på den siste Partskonferansen under Klimakonvensjonen i Buenos Aires var difor klårt og tydeleg: Vi ønskjer ein snarleg oppstart av drøftingar om nye utslepps­forpliktingar. Vi vil ha eit meir globalt og ambisiøst klimaregime etter 2012. Dette må etter Noreg si meining inkludera USA og u-land med store og raskt veksande utslepp.

Som de veit, var USA og storparten av u-landa, ikkje minst dei store tunge u-landa, motviljuge til å drøfte framtidige utfordringar, sjølv på eit uforpliktande nivå. Det einaste vi kom heim med frå Buenos Aires var eit vedtak om å halde eit uformelt seminar i 2005. Landa kan her gi presentasjonar av eigen klimapolitikk og tiltak for å utvikle ny klimapolitikk. Motstandarane av drøftingar om nye utsleppsforpliktingar fikk og pressa gjennom eit vedtak om at seminaret ikkje skal leggje føringar for framtidige klimaforhandlingar.

Vi vil sjølvsagt gjere vårt for at det vedtekne seminaret i mai blir så vellukka som råd, sjølv om seminaret i seg sjølv neppe vil drive forhandlingane vesentleg vidare. Framover vil det vere viktig å nytte seg av politiske kanalar og fora også utanfor Klimakonvensjonen for å løyse opp i den vanskelege forhandlingssituasjonen.

Eg håper at USA med tida vil endre sine haldningar til bindande utsleppsforpliktingar. Rett nok gjer USA mykje bra langsiktig arbeid på mellom anna teknologisida, men dette er ikkje eit alternativ til utsleppsforpliktingar, noko vi gav tydlege signal om i Buenos Aires.

Klimaendringane er eit langsiktig problem, og vi kan ikkje gi opp det internasjonale arbeidet sjølv om forhandlingane akkurat no er i ein bølgjedal. Kyotoprotokollen står i dag fram som eit døme på at ein kan lukkast med å drive det internasjonale klimasamarbeidet framover, trass i all motbør denne avtala har vore gjennom.

Protokollen vil leie til sers viktige tiltak og utsleppsreduksjonar på kort sikt. Ho vil utan tvil og vere ein byggestein i det vidare arbeidet med meir ambisiøse avtaler framover. Når ein set ting i perspektiv, er difor hendinga vi markerar i dag ein stor inspirasjon til det vidare arbeidet både nasjonalt og internasjonalt.

Eg vil til slut igjen takke CICERO og Naturvernforbundet for dette arrangementet. Det er mange slag som har vore kjempa i klimapolitikken, og mange slag gjenstår. Då er det og viktig at ein kan ta ein pustepause og gratulere kvarandre ved eit slikt høve. Eg ynskjer lukke til med både den faglege delen og med den påfylgjande internasjonale markeringa.

VEDLEGG