Historisk arkiv

Nye miljøutfordringar for dei nordlege havområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøvernminister Knut Arild Hareide sin tale på Barentshav-konferansen, Tromsø 24.05.2005

Nye miljøutfordringar for dei nordlege havområda

Kjære konferansedeltakarar og vener av Barentshavet,

Det er ei stor glede for meg å opne denne store og viktige konferansen om Barentshavet her i Tromsø i dag.

Nærmare 200 personar er til stades her i salen frå næringsliv, miljøorganisasjonar, forskingsinstitusjonar, lokal, regional og sentral forvaltning. Det er om lag det dobbelte av kva vi på venta oss på førehand – og det er eg veldig glad for. Før konferansen har eg dessutan fått ei stor mengde brev og postkort, over 70 000 frå inn- og utland, med klare synspunkt på framtidas miljøutfordringar i området. Oppslutninga og engasjementet gjer det tydeleg kor viktig debatten om miljøet i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er for det norske samfunnet.

For denne regjeringa har ei fornying av norsk havmiljøpolitikk vore prioritert frå første stund. Arbeidet med ein heilskapeleg forvaltingsplan for Barentshavet starta med grunnlag i Sem-erklæringa. Samstundes blei Barentshavet og havområda utanfor Lofoten lukka for vidare petroleumsverksemd inntil utreiinga om heilårlig petroleumsverksemd, den såkalla ULB, vart gjennomført. I 2002 la vi fram Havmiljømeldinga – den første meldinga i sitt slag nokosinne. Når ein veit kor betydingsfullt reine og rike havområde er for busetjing, arbeid og verdiskaping i det norske samfunnet, er det underleg at ei slik melding ikkje har kome langt tidlegare.

Utgangspunktet for regjeringa er at langsiktig verdiskaping i havområda berre kan skje dersom økosystemets struktur, funksjon og produktivitet blir oppretthalde. Derfor legg havmiljømeldinga grunnlaget for ei heilskapeleg forvaltning av havmiljøet gjennom ei økosystembasert tilnærming. Forvaltningsplanar er det konkrete verktøyet for ei slik forvaltning – og forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er først ut. Meldinga slår fast at det skal utarbeidast forvaltningsplanar også for dei andre havområda våre, med utgangspunkt i røynslene frå Barentshavsplanen.

Havmiljømeldinga varsla samstundes ei rekkje konkrete tiltak for å styrkje havmiljøet, slik som utvidinga av territorialfarvatnet frå 4 til 12 nautiske mil, etablering av trafikksentral i Vardø og innføring av automatisk identifikasjonssystem for skip. Regjeringa har følgt opp desse tiltaka og mykje er allereie gjennomført.

Samstundes har regjeringa fremja fleire andre meldingar som innan sine område også er viktige for å tryggje havmiljøet. Eg er glad for at representantar for den politiske leiinga i alle dei mest aktuelle departementa er med på konferansen her for å presentere arbeidet sitt. Det understrekar samstundes den integrerte og tverrsektorielle tilnærminga som forvaltningplanen for Barentshavet har.

Det samla grepet Regjeringa har teke i Havmiljømeldinga og særleg den heilskapelege forvaltningsplanen for Barentshavet har vekt internasjonal merksemd. Internasjonalt ser vi no i auka grad den same utviklinga mot ein økosystembasert forvaltning, mellom anna i EU's marine strategi som snart vil bli fremma frå EU-kommisjonen og arbeidet under Arktisk Råd. Noreg er, og skal også i framtida vere, heilt fremst i denne utviklinga.

Kjære konferansedeltakarar, eit hovudargumentet for Regjeringa for å starte med Barentshavet er sjølvsagt det auka presset på miljøet som dei nye aktivitetane i områda inneber. Auken i oljetransporten frå Nordvest-Russland langs kysten av Nord-Noreg og ein truleg auke i utbygginga av dei store olje- og gassfelta til havs på russisk side av Barentshavet, er ei kjelde til bekymring. På norsk side av Barentshavet er leiteboring sett i gang vinteren 2005 innanfor nokre av dei strengaste miljørammene i verda. Vi går varsamt fram. Men som vi veit kan sjølv relativt små uhell ved slike avgrensa leiteboringar utløyse spørsmål om tryggingsnivå og ulykkesrisiko. Det må vi ta på alvor. Utfordringa er å få oversikt over dei samla konsekvensane av desse nye aktivitetane for miljøet i Barentshavet saman med allereie eksisterande påverknad, til dømes frå fiskerinæringa. Barentshavet er valt for den første heilskapeleg forvaltningsplanen også ut frå ei føre var-tilnærming, fordi ein her også kan vere i forkant med politikkutviklinga når det gjeld nye aktivitetar.

Eg vil i denne samanheng kommentere petroleumsfrie soner. Regjeringa varsla som kjend i Sem-erklæringa ei vurdering av petroleumsfrie fiskerisoner frå Lofoten og nordover. Ved gjenåpninga av Barentshavet Syd for petroleumsverksemd i 2003 på grunnlag av ULB, så blei viktige områder langs kysten ikkje gjenopna av omsyn til fiskeria. Dei særleg verdifulle områda – polarfronten, iskanten, Bjørnøya og Tromsøflaket – blei heller ikkje gjenopna. Sist, men ikkje minst, så blei heller ikkje Nordland VI gjenopna.

Petroleumsfrie fiskerisoner eller petroleumsfrie soner er begge omgrep som tek utgangspunkt i ei spesifikk næring. Tilnærminga i forvaltningsplanen er å sjå all menneskeleg verksemd i samanheng og sette inn tiltak der det er naudsynt ut frå ei samla vurdering. I så måte er det etter min meining betre å tale om "miljøsoner" rundt særleg verdifulle områder der einkvar næring må gjennomføre naudsynte tiltak for å beiskytte miljøverdiane. Slike tiltak kan då være alt ifrå omfattande tiltak som å la vere å bore i området, at tankskip seilar utanom eller restriksjonar i reiskapsbruk i fisket og til mindre restriktive tiltak. Eg meiner "miljøsoner" vil vere ei betre tilnærming, og ser fram til å høyra dykkar tankar rundt dette spørsmålet.

Gjennom arbeidet med forvaltningsplanen har vi frå styresmaktenes side samla sett gjort ein omfattande dugnad for å få fram kva vi veit om økosystemet i Barentshavet, og dei påverknadane på miljøet som menneskelege aktivitetar utgjer. Eg viser her til det omfattande utgreiingsarbeidet som er gjennomført så langt i prosessen og som har vore tilgjengeleg forut før konferansen her.

Vi har hatt ein omfattande høyringsrunde på dei fire sektorutgreiingane: skipstrafikk, fiskeri, heilårleg petroleumsverksemd og ytre påverknad. Desse sektorutgreiingane, og ikkje minst den samanstillinga av miljøpåverknad som er gjort av faggruppa mellom direktorata, er ein føresetnad for forvaltningsplanen. Eg vil nytte høvet til å takke alle dei som har vore involverte i dette arbeidet for ein flott innsats!

Eg vil så fokusere på fire sentrale aspekt som etter mi meining er viktig for å få ein god forvaltningsplan for Barentshavet, og der eg ønskjer synspunkt frå dykk desse to dagane her i Tromsø.

Det første gjeld målsetjingar. Vi bør sette oss eit overordna miljømål for Barentshavet. Vi må etablere konkrete indikatorar for kvaliteten i dei ulike aspekta av økosystemet, med grenseverdiar for kva som er akseptabel miljøtilstand. Forvaltningsplanen må dekke biodiversitet og helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Den må også vurdere kor stor risiko for akutte oljeutslepp vi kan akseptere i dette havområdet.

Eit anna viktig punkt i forvaltningsplanen blir framstillinga av den samla miljøpåverknad for dei ulike sektorane - i dag og i eit framtidsperspektiv til 2020. For ei heilskapleg forvaltning av området er det no om å gjere å sjå påverknaden frå skipsfart, petroleumsverkemda og fiskeria i samanhang slik at ein får eit bilete av den samla forureinga, den samla påverknaden av biodiversitet og ikkje minst den samla risikoen for akutte utslepp.

Eit tredje ledd i planen er behovet for nye tiltak. Forvaltningsplanen skal på ein god og oversiktleg måte klargjere behovet for tiltak i dei ulike delområda, og kva tidspunkt tiltak må treffast på.

Utgreiingane som er gjort viser at ein ikkje kan generalisere behova for heile forvaltningsområdet. Til dømes vil behovet for å handtere risikoen for akutte oljutslepp frå skipstrafikk og petroleumsverksemd utvikle seg over tid. Behova er truleg svært ulike i ulike delområde. I denne fasen må vi kartleggje alle behov og skaffe oss eit bredt grunnlag for seinare avveging mellom ulike handlingsalternativ. Kva for delområde er særleg viktige? Bør desse områda avsetjast som miljøsoner? Kor omfattande er behovet for tiltak?

Det fjerde og siste aspektet ved forvaltningsplanen som eg har lyst til å framheve, gjeld kunnskapen om økosystemet Barentshavet og om dei sosioøkonomiske forholda i regionen. Eit hovudpunkt i forvaltningsplanen vil måtte vere korleis ein kan betre kunnskapen gjennom forsking, overvakning og utgreiing. Alle desse fire aspekta ved forvaltningsplanen er naturleg nok fokuserte på den norske aktiviteten i den norske delen av havområdet. Likevel vil eg minne om at utviklinga på russisk side vil vere svært viktig for økosystemet i Barentshavet i framtida. Regjeringa har fått eit nytt og betre fokus i samarbeidet med russiske styresmakter på havmiljøsida som vi vil byggje vidare på i tida som kjem.

Kjære vener av Barentshavet, eg ønskjer dykk lukke til og ser frem til konklusjonane frå konferansen. Saman skal vi sikra ein god og heilskapeleg forvaltningsplan for eit reint og rikt Barentshav.