Departementet opphever vedtak i Post- og teletilsynet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 25.02.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 7/2005
Dato: 25.02.05
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Jan A. Halvorsen, tlf. 24 47
84
Departementet opphever vedtak i Post- og teletilsynet
Moderniseringsdepartementet er klageinstans for Post- og teletilsynets vedtak etter postloven i saker som dreier seg om konkurranse. Post- og teletilsynet fatta i mars 2004 eit vedtak som gav Posten Norge AS forbod mot å auke prisen på prioritert og uprioritert brevpost mellom 100 og 350 gram samt å redusere prisen for leveringspliktig adressert brevpost over 350 gram med minst 10%. Vedtaket blei påklaga av Posten.
Departementet har komme til at vedtaket må opphevast. Grunnen til dette er at Post- og teletilsynet ikkje har heimel til å regulere Postens prisar direkte. Tilsynet skal nytte vedtak om tvangsmulkt når Posten ikkje følgjer postloven og den konsesjon Posten har for dei nemnde tenestene. Departementet meiner vidare at tilsynet ikkje har gjort ein tilstrekkeleg analyse som viser at avgrensa konkurranse gir grunn til inngrep i Posten sine prisar.