- Skjemaveldet redusert, men me har meir å gjera
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 17.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Riksrevisjonen meiner at måla for arbeidet med forenkling i næringslivet er oppnådde i avgrensa grad. Nærings- og handelsminister Børge Brende seier at belastninga trass alt er blitt redusert i Noreg, medan ho har auka i mange andre land. Men han slår fast at det må setjast meir trykk på arbeidet med å redusera skjemaveldet for næringslivet. (17.06.05)
- Skjemaveldet redusert, men me har meir å gjera
Riksrevisjonen la denne veka fram rapporten ”Regelverksforenkling og reduksjon av skjemabelastning for næringslivet”. Sjølv om det blir konstatert at skjemapresset for næringslivet er redusert med 2,9% frå 1998-2004, seier rapporten at ”arbeidet med å forenkle regelverket og redusere belastningen knyttet til utfylling og innsending av skjema for næringslivet er realisert i begrenset grad”. Nærings- og handelsminister Børge Brende seier at belastninga trass alt er blitt redusert i Norge, medan ho har auka i mange andre land. Men han slår fast at det må setjast meir trykk på arbeidet med å redusera skjemaveldet for næringslivet.
– Riksrevisjonens gjennomgang set fokus på område der me framleis har eit potensial for å bli betre, seier nærings- og handelsminister Børge Brende. – Men dei overordna konklusjonane i rapporten er trekte på eit grunnlag som er for spinkelt til å skapa eit rett bilete av breidda i forenklingsarbeidet.
- Rapporten manglar ei internasjonal samanlikning. Noreg ville ha kome svært godt ut av ei slik samanlikning.
- Rapporten tek berre for seg tiltaksdelane av dei handlingsplanane for ” Eit enklare Noreg” som er lagde fram, medan effekten av strategiar og prinsipp er like viktige for det haldningsskapande arbeidet.
- Hovudtala i rapporten fangar i praksis berre opp forenklingstiltak i dei store skjemaa som blir forvalta av Skatte- og Toll- og avgiftsetatane. Fleire andre etatar har i betydeleg grad redusert sin del av skjemapresset, men dette er etatar som rettar seg mot færre bedrifter.
- Rapporten gjer bruk av enkle metodar som ikkje blir brukte andre stader. Til dømes blir omfanget av regelverk målt ved å telja bokstavar og teikn. Det vil ikkje nødvendigvis gje eit rett bilete av om regelverket fører til ein enklare kvardag for bedriftene.
- Rapporten fangar ikkje i tilstrekkeleg grad opp mange andre tiltak som er starta opp, men som i lita grad er vurdert.
– Når reduksjonen i skjemapress for næringslivet er målt til ”berre” 2,9%, skuldast det at Skatteetaten og Tolldirektoratet åleine står for 85% av talgrunnlaget. Men forenkling knytt til skatte- og momsrapportering går ikkje primært ut på å fjerna skjema, men å tilretteleggja rapporteringa best mogleg, seier Brende.
Han viser til at etableringa av elektronisk innrapportering gjennom Altinn fyrst blei teken i allmenn bruk i 2004, og såleis i lita grad er reflektert i rapporten. Omfattande og aukande bruk viser at Altinn er ein suksess. 5,8 millionar skjema er no leverte elektronisk gjennom Altinn. Over 40% av dei næringsdrivande leverte sjølvmelding gjennom Altinn i 2004, medan heile 46% brukte Altinn for momsrapportering siste termin.
Brende viser til at forenklingsarbeidet foregår på brei front og er høgt prioritert av regjeringa:
- 17 etatar medverka til å redusera skjemapresset for næringslivet i 2004.
- Alle offentlege etatar, inkludert kommunane, har fått lovpålegg om å driva gjenbruk av grunndata frå bedriftene, i staden for å be om opplysningane på nytt.
- For å sikra at det ikkje blir innført reglar eller skjemaplikter som ikkje står i samsvar med nytten, har regjeringa oppretta Orakel, eit kompetansesenter for konsekvensutgreiingar.
- Regjeringa har teke i bruk ein ny metode for å måla byrda ved konkrete regelverk, for såleis å kunna intensivera og målretta forenklingsarbeidet ytterlegare.
- Fordi norsk næringsliv blir omfatta av eit stadig meir internasjonalt basert regelverk, deltar Noreg aktivt i det internasjonale forenklingsarbeidet både i EU og OECD.
For å frigjera tid og ressursar i bedriftene, har regjeringa i fleire år arbeidd med forenkling og tilretteleggjing for næringslivet gjennom handlingsplanane for ”Eit enklare Noreg”.
Som et ledd i dette arbeidet vil nærings- og handelsministeren med det fyrste leggja fram ein ny handlingsplan for ”Eit enklare Noreg”, der perspektivet for regjeringas viktigaste satsingar på området dei neste fire åra blir trekte opp.