Historisk arkiv

Kommunane blir oppmoda til forenkling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Børge Brende oppmodar kommunar og fylkeskommunar til å driva mest mogleg forenkling. Målet er å gjera kvardagen enklare for næringslivet. (04.02.05)

Kommunane blir oppmoda til forenkling

Nærings- og handelsminister Børge Brende har nyleg sendt ut eit brev til kommunar og fylkeskommunar der han oppmodar dei til å setja i verk tiltak som kan gjera kvardagen enklare for næringsdrivande. Saman med brevet følgjer tilstandsrapporten for arbeidet med Eit enklare Noreg, for at kommunane og fylkeskommunane skal bli orienterte om kva staten gjer på forenklingsområdet.

-Nokre kommunar har gjort masse når det gjeld å leggja til rette for næringslivet. Andre har gjort mindre, seier Brende.

Norsk næringsliv brukar om lag 6 500 årsverk på å oppfylle innrapporteringspliktene overfor det offentlege. Men samtidig viser det seg at fokus på forenkling har gitt resultat. Sidan Oppgåveregisteret blei oppretta i 1998 er belastninga for næringslivet når det gjeld statlege skjema redusert med heile 15 prosent. Det betyr at tida ein næringsdrivande i snitt brukar på å rapportera til statlege styresmakter har gått ned frå 41 timar i året i 1998 til 35,1 timar i 2003. Brende peikar på at dette er eit langt steg i rett retning.

I brevet som sendt til kommunar og fylkeskommunar nemner statsråden tre område der også kommunesektoren kan ha mykje å henta når det gjeld forenkling:

  • Utvikling av elektroniske tenester for næringslivet. Altinn er den store satsinga på dette området, og målet er ein felles nettportal for alle offentlege tenester til næringslivet.
  • Brukarmedverknad i ulike prosessar. Dersom kontakten mellom brukarane og det offentlege blir betre, kan dette få innverknad på utforminga av både regelverk, tenester og andre tiltak.
  • Plan- og bygningslovområdet er eit område som har blitt mykje kritisert frå næringslivet, på grunn av lange saksbehandlingstider og komplisert regelverk. Gjennom prosjekta Byggsøk og Byggsøk Plan er det tilrettelagt for elektronisk saksbehandling, og kommunane blir oppmoda til å ta dette i bruk.

Nærings- og handelsministeren ber vidare om innspel frå kommunane til regjeringas vidare arbeid med forenkling.

Les meir:


4. februar 2004