Historisk arkiv

Studentar ved Norsk Hotellhøgskole får unntak frå krav om etablerarprøve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Børge Brende godkjenner eksamen frå Norsk Hotellhøgskole i Stavanger som sidestilt med etablerarprøven etter Serveringslova. (26.04.05)

Pressemelding

Nr.: 17/05
Dato: 26. april 2005
Kontaktperson:
Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60 / 93 05 14 58

Studentar ved Norsk Hotellhøgskole får unntak frå krav om etablerarprøve

Nærings- og handelsminister Børge Brende godkjenner eksamen frå Norsk Hotellhøgskole i Stavanger som sidestilt med etablerarprøven etter Serveringslova. Kandidatar frå høgskulen med den aktuelle fagkrinsen kan etter dette godkjennast som styrar for serveringsverksemd, utan tilleggsprøve i merkantile fag.

-Etter mi meining er det viktig å leggja til rette for eit så smidig system som mogleg innafor dei rammene som blir gitt i Serveringslova. Så lenge kandidatar ved Norsk Hotellhøgskole dokumenterer relevante kunnskapar gjennom eksamen, bør det vera unødvendig å dokumentera dette på nytt ved å ta etablerarprøven, seier Brende.

Norsk Hotellhøgskole har teke kontakt med Nærings- og handelsdepartementet med spørsmål om å bli godkjend, slik at studentane i gitte fagkretsar ikkje treng å ta etablerarprøve i kommunen.

På bakgrunn av kriminalitetsutviklinga i serveringsnæringa er det retningsliner i Serveringslova som skal sikra forsvarleg drift. Blant anna må alle serveringsstader ha ein godkjend styrar med dokumentert kunnskap i økonomistyring. For å bli godkjend må styraren i tillegg ha kunnskap om Serveringslova, skatte- og avgiftslovverket, rekneskapslovverket, konkurslovverket, Arbeidsmiljølova og Alkohollova. Etablerarprøven er ein metode for å dokumentera denne kunnskapen.

-Norsk Hotellhøgskole dekkar også fagområdet under etablerarprøven. Det kan difor ha verka unødig tungvint å måtta gjennomføra ein etablerarprøve i tillegg til eksamen ved høgskulen, seier nærings- og handelsminister Børge Brende.


Norsk Hotellhøgskole