Ny underdirektør i Olje- og energidepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 25.04.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 47/03
Dato: 25.04.2003
Ny underdirektør i Olje- og energidepartementet
I statsråd i dag vart rådgjevar Helge Westborg utnemnd til underdirektør i Olje- og energidepartementet.
Helge Westborg (32 år) er Cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 1995. Han har vore tilsett i Olje- og energidepartementet sidan 1996. Westborg skal gjere teneste i Petroleumsjuridisk seksjon i Petroleumsavdelinga.