Historisk arkiv

Nytt styremedlem i Enova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 67/03
Dato: 23.06.2003
Kontaktperson, Lars Nermoen, 22 24 61 07

Nytt styremedlem i Enova

Karin Refsnes vart fredag 20. juni valt som nytt styremedlem i Enova SF. Ho overtek etter Monica Havskjold som går ut av styret.

Refsnes er nyleg tilsatt som direktør for divisjonen for strategiske satsingar i Noregs Forskingsråd. Ho er 56 år gammal og har dei siste fem åra vore områdedirektør for miljø og utvikling i Forskingsrådet. Ho er utdanna sivilingeniør med ein doktorgrad frå Universitetet i Oslo, og har brei leiarbakgrunn frå mellom anna Miljøverndepartementet.

Enova SF er eit statsføretak under Olje- og energidepartementet, med ansvar for forvaltninga av økonomiske verkemiddel retta mot ei miljøvenleg energiomlegging i Noreg. Enova sitt styre er no sett saman av følgjande medlemmar:

Ted Hanisch (leiar)
Eimund Nygaard (nestleiar)
Ellen-Birgitte Stømø
Eivind Bjøralt
Karin Refsnes