Olje- og energiministeren sin kalender for veke 51
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 12.12.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 130/03
Dato: 12.12.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 51
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin
kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste
postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren
sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på
Slottet fredag kl 11.00.
Måndag 15. desember
Kl 15.00 vil olje- og energiminister Einar Steensnæs gjere
greie for Regjeringa sine avgjersler med omsyn til
petroleumsverksemd i området Lofoten – Barentshavet. Statsråden vil
samstundes kunngjere utlysinga av 18. konsesjonsrunde.
Dette vil skje på ei pressekonferanse i plenumssalen R4, Einar Gerhardsens plass 1 i Oslo.
Sjå eiga invitasjon
Onsdag 17. og torsdag 18. desember
Statsråden deltek på "LNG Ministerial Summit" i
Washington der han vil møte energiministrar frå ei rekke
energinasjonar. Temaet for toppmøtet er verda som marknadsplass for
naturgass.
The United States Energy Association (USEA) arrangerer
toppmøtet.
Kontaktperson for statsråden er politisk rådgjevar Øyvind
Håbrekke på + 47 970 62 368.
Fredag 19. desember
Kl 10.00 held statsråden ei pressekonferanse der han
presenterer stortingsmeldinga om forsyningstryggleiken for
straum.
Pressekonferansen vil finne sted kl 10.00 i auditoriet i R5, Akersgata 59 i Oslo.