Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 22

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 56/03
Dato: 22.05.2003

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 22

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 26. – 29. mai
Statsråden er i Iran for å møte oljeminister Bijan Namdar Zanganeh. Dette er ein oppfølging av Zanganeh sitt besøk i Noreg i juni 2001, og dei to ministrane vil samtale om samarbeidet mellom Noreg og Iran innafor olje- og gassindustrien.

Ein næringslivsorganisasjon innafor petroleumssektoren deltek i statsråden sitt følgje. INTSOK (www.intsok.no), som er ein stiftelse som styringsmaktene i samarbeid med norsk petroleumsindustri har etablert for å fremme norsk industri på den internasjonale marknaden, vil og vere med i følgjet til statsråden.