Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 20

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 49/03
Dato: 08.05.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 20

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 20

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 12. mai
Kl 15.00 vil Olje- og energidepartementet markere sitt 25-årsjubileum med ei mottaking i Regjeringa si representasjonsbustad i Parkvegen 45. Statsministeren og olje- og energiministeren kjem til å tale, og det vil vere mogleg for pressa å ta bilde ved starten av arrangementet og til talene er halde.

Tysdag 13. mai
Statsråden deltek på Enova-konferansen på Grand Hotel i Oslo. Konferansen tek opp spørsmålet om kva alternative løysingar som finnes for å betre den norske kraftbalansen.

Kl 09.30 held statsråden innlegget "Energi- og miljøpolitiske betraktninger i tørråret 2003", som handlar om den knappe krafttilgangen og dei høge straumprisane i vinter. Endrar dette dei norske energi- og miljøpolitiske vilkåra, og kva gjer styresmaktene vidare?

Onsdag 14. mai
Frå kl 10.00 deltek statsråden på eit seminar om marknad og moglegheiter for LNG. Seminaret finn stad på Naturgassens Hus på Karmøy, og vert arrangert i samanheng med opninga av Gasnor sitt nye LNG-anlegg på Karmøy. Den offisielle opninga av LNG- anlegget, ved statsråd Steensnæs, finn stad kl 16.00.

Torsdag 15. mai
Kl 10.10 held statsråden eit innlegg på "The 12th European Gas Conference. Evolution of the European Gas Industry in a Changing Business Environment". Innlegget til statsråden har tittelen "Norway's Role in a Restructured European Gas Market. Norsk Petroleumsforeining arrangerar konferansen.

I samanheng med denne gasskonferansen er olje- og energiminister Einar Steensnæs vertskap for deltakarane sin middag på Akershus slott. Middagen tar til kl 19.00.

Onsdag 21. mai
Statsråden deltek i følgjet til det norske kongeparet i samanheng med deira statsbesøk i Belgia.

Kl 09.30 opnar Kongen av Noreg energiseminaret "Tomorrow's energy needs. Challenges and Opportunities" der Kronprins Phillip av Belgia og vil vere til stades. Deretter held statsråd Steensnæs innlegget "Energy, gas, security of supply and sustainable development".

Seminaret finn stad på Palace of the Academies i Brüssel.

Kontaktperson i Brüssel er Lars Nermoen, 990 13 280