Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 127/03
Dato: 03.12.2003

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 50

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 8. desember
Kl 09.00 held statsråden eit innlegg på Norsk vassforeining sitt juleseminar 2003. I sitt innlegget vil statsråden snakke om dei globale vassutfordringane på tampen av FN sitt ferskvassår.

Frå kl 12.00 vil statsråden vere til stades i Stortinget under handsaminga av statsbudsjettet for 2004. Han vil delta i debatten om dei følgjande sakene:

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om løyvingar på statsbudsjettet for 2004 vedkommande Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet (Budsjett-innst. S. nr. 9 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004))

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2003 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar under Gassled (Innst. S. nr. 65 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 24 (2003-2004))

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om tariffar for overføring av kraft og tovegskommunikasjon
(Innst. S. nr. 66 (2003-2004), jf. St.meld. nr. 41 (2002-2003))

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Ingvild Vaggen Malvik og Hallgeir H. Langeland om å sette ei lav øvre grense for kva fastleddet i nettleia for elektrisitet kan settes til for å stimulere til strømsparing og gi ei betre sosial fordeling (Innst. S. nr. 69 (2003-2004), jf. Dokument nr. 8:66 (2002-2003))

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet "Intelligent energi for Europa" (2003-2006)(Innst. S. nr. 64 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 7 (2003-2004))

Onsdag 10. desember
Kl 12.30 vil statsråden vere til stades under utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

Torsdag 11. desember
Kl 09.10 held statsråden eit innlegg på eit seminar om kraftbransjen sine moglegheiter til å utvikle seg vidare. Statkraft arrangerer seminaret som finn stad i Statkraft sine lokalar i Lilleakerveien 6.