Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 48

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 120/03
Dato: 20.11.2003

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 48

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 25. november
Kl 09.10 held statsråden innleiingsforedraget på MILJØFORUM, som er ein arena der styresmakter, industri, miljø- og fiskeriorganisasjonar møter kvarandre for å utveksle synspunkt som gjelder miljøet. Foredraget til statsråden handlar om arbeidet med miljøspørsmål på norsk sokkel. Arrangementet finn stad på Grand Hotel i Oslo.

Torsdag 27. november
Kl 09.15 held statsråden eit innlegg på 3rd Annual Anglo-Norwegian Energy Conference. Foredraget til statsråden har tittelen "Leaving no stone unturned" og handlar om Regjeringa si politikk for å oppretthalde aktivitetsnivået på norsk sokkel. Konferansen, som finn stad på Grand Hotel i Oslo, vil ta for seg to tema; naturgass og erfaringar frå modne områder på sokkelen.