Historisk arkiv

Olje og energiministeren sin kalender for veke 19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 48/03
Dato: 05.05.2003

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje og energiministeren sin
kalender for veke 19

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Onsdag 7. mai
Kl 10.00 deltek statsråden i den munnlege spørjetimen.

Statsråden har eitt spørsmål i spørjetimen kl 11.00:

Frå representanten Ranveig Frøiland til olje- og energiministeren:
"I løpet av et par uker har energiverk i Danmark tatt i bruk tre gamle nedlagte kullfyrte kraftverk for å forsyne norske strømkunder," skriv Bergens Tidende. Nærings- og erversministeren vil ikkje gripe inn, fordi det er gode pengar å tene. Klimautslepp kjenner ingen grenser, men med desse anlegga vil Noreg medverke til vesentleg auke av klimautsleppa. Kva tykkjer statsråden om dette, og kva strategi har statsråden for å dekka Noreg sitt behov for straum frå meir miljøvennlege energiverk?"

Torsdag 8. mai
Frå kl 15.30 og utover ettermiddagen og kvelden deltek statsråden i KrF sitt sentralstyremøte på Rainbow Arena Hotel i Lillestrøm.

Fredag 9. til søndag 11. maiFrå kl 14.00 fredag den 9. mai til kl 10.30 den 11. mai deltek statsråden på KrF sitt landsmøte på Rainbow Arena Hotell i Lillestrøm.