Norsk-svensk pliktig sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 06.08.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Fredag la olje- og energiministeren fram stortingsmeldinga om innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar. (06.08.04)
Pressemelding
Nr.: 89/04
Dato: 06.08.2004
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
Norsk-svensk pliktig sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet
- Regjeringa arbeider for å innføre ein pliktig sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet i samarbeid med Sverige. Dette støttesystemet vil leggje føringar for energipolitikken i mange år framover. Eg er opptatt av at ordninga skal vere med på å sikre ei god utnytting av dei fornybare energiressursane og fremje verdiskaping i Noreg, seier olje- og energiminister Thorhild Widvey.
Fredag la olje- og energiministeren fram stortingsmeldinga om innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar. I meldinga orienterer regjeringa om arbeidet med å etablere ein felles svensk-norsk sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet og legg rammene for det vidare arbeidet.
Ein sertifikatmarknad er eit tiltak
for å stimulere til auka bruk av fornybar elektrisitet. Produsentar
av fornybar elektrisitet får sertifikat etter kor mykje dei
produserer. Forbrukarar av elektrisitet blir pålagde å kjøpe
sertifikat i høve til forbruket. Produsentane vil dermed få ei
inntekt frå sal av sertifikat i tillegg til inntekta frå sal av
straum. Ekstrainntekta frå sertifikat kan gjere det lønsamt å
byggje ny kraftproduksjon.
Departementet planlegger å leggje fram eit lovforslag om ein
pliktig elsertifikatmarknad våren 2005 med sikte på at ein felles
marknad med Sverige kan starte opp 1. januar 2006.