Historisk arkiv

Olje- og energiministeren på Vestlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 92/04
Dato: 10.08.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 990 13 280

Olje- og energiministeren på Vestlandet

Onsdag 11. august

Olje- og energiminister Thorhild Widvey er i Haugesund i samanheng med Sildajazzen.

Kl 09.00 held statsråden eit innlegg på ein energikonferanse om transport og bruk av naturgass. Statsråden sitt innlegg handlar om korleis ein kan vidareutvikle Noreg som energinasjon. Arrangørar er Energirike Haugalandet. Konferansen finn stad på Høgskulen i Haugesund.

Kl 10.00 opnar statsråden to konferansar på Maritimt Forum, den eine om undervassoperasjonar, den andre om tryggleik. Også desse konferansane finn stad på Høgskulen i Haugesund.

Kl 13.00 gjestar statsråden Norsk Gassenter på Karmøy, der ho vil få ein omvisning og presentasjon.

Torsdag 12. august

Olje- og energiministeren gjestar Stord, der ho skal delta på ei synfaring ved utvidings- og opprustningsprosjekta til Sunnhordland Kraftlag.

Pressa er velkommen til å møte ved Sunnhordland Kraftlag sitt sentralbygg (kraftverket Blåfalli II) kl 10.00. Derifrå vert det organisert felles transport til Blåfalli Vik.

Fredag 13. august

Kl 12.40 held statsråden eit innlegg på Sildajazz-Symposium 2004, som finn stad på Maritim Hall i Haugesund. Temaet for symposiet er 'Norway as hub for international business'. Arrangørar er ABB.

Pressekontakt for statsråden på Vestlandet er Lars Nermoen, 990 13 280.