Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 33

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 86/04
Dato: 05.08.2004

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 33

Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widvey sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Onsdag 11. august
Olje- og energiministeren er i Haugesund i samanheng med Sildajazzen.

Kl 09.00 held statsråden eit innlegg på ein energikonferanse om transport og bruk av naturgass. Statsråden sitt innlegg handlar om korleis ein kan vidareutvikle Noreg som energinasjon. Arrangørar er Energirike Haugalandet. Konferansen finn stad på Høgskulen i Haugesund.

Kl 10.00 opnar statsråden to konferansar på Maritimt Forum, den eine om undervassoperasjonar, den andre om tryggleik. Også desse konferansane finn stad på Høgskulen i Haugesund.

Kl 13.00 gjestar statsråden Norsk Gassenter på Karmøy, der ho vil få ein omvisning og presentasjon.

Pressekontakt for statsråden i Haugesund er Lars Nermoen, 990 13 280.

Fredag 13. august
Kl 12.40 held statsråden eit innlegg på Sildajazz-Symposium 2004, som finn stad på Maritim Hall i Haugesund. Temaet for symposiet er 'Norway as hub for international business'. Arrangørar er ABB.

Pressekontakt for statsråden i Haugesund er Lars Nermoen, 990 13 280.