Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 15 og 16

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 23/04
Dato: 02.04.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 15 og 16

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for dei to neste vekene: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 13. april
Kl 11.00 held statsråden hovudinnlegget på ein konferanse om konkurransedyktig energiforsyning. I innlegget vil han gjere greie for regjeringa sitt perspektiv på norsk kraftproduksjon.

NHO Rogaland arrangerer konferansen som finn stad i Lyse sitt lokale på Mariero

Pressekontakt for statsråden er politisk rådgjevar Astrid Apalset Vassbø, 91 19 84 83.

Onsdag 14. april
Frå kl 17.30 deltek statsråden på ein vindkraftkonferanse om bord på Hurtigruta, der han skal holde eit innlegg om moglegheiter og utfordringar for vindkraftutbygging i Noreg.

Konferansen, som heiter "Finnmark i vinden", startar i Tromsø og blir avslutta i Kirkenes. Finnmark fylkeskommune er hovudarrangør.

Pressekontakt for statsråden under vindkraftkonferansen er Lars Nermoen, 990 13 280.

Torsdag 15. april
Kl 18.00 vil statsråden vere til stades under årsmiddagen til Forskingsrådet på Hotell Bristol i Oslo.

Statsrådens planlagde reiser
20. – 23. april

Statsråden reiser til Nigeria der det er planlagt møte med president Obasanjo og dr. Edmund Daukoru, som er presidentens rådgjevar i olje- og energispørsmål.

I løpet av besøket i Nigeria skal statsråden òg delta i eit næringslivsseminar i regi av Intsok og Statoil.

Intsok er eit samarbeidsprosjekt mellom styresmaktene og industrien for å fremme internasjonaliseringa av norsk olje- og gassindustri.

4. – 7. mai
Statsråden reiser til USA for å delta på OTC (Offshore Technology Conference) i Houston.

Onsdag 5. mai kl 08.00 møter statsråden pressa til frukost for å snakke om moglegheiter og utfordringar knytt til norsk sokkel og petroleumsindustri.

Kl 12.15 same dag vil statsråden halde eit innlegg om kostnadseffektiv teknologi og verdien av ein konkurransedyktig olje- og gassindustri.

22. – 24. mai
22. – 24. mai blir det niande "International Energy Forum" arrangert i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar og –forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass. Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under arrangementet.