Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 5

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 5/04
Dato: 22.01.2004

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 5

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 27. - torsdag 29. januar
Statsråden er i Moskva der han skal ha møter med økonomi- og handelsminister Gref, energiminister Yusufov og viseminister Sadovnik i Naturressursministeriet.

Føremålet med besøket er å ta opp spørsmål av gjensidig interesse mellom Russland og Noreg innafor olje- og gass-sektoren.

Onsdag den 28.01 held statsråden lunsjtalen på ein konferanse som Intsok arrangerer. Tema for innlegget er gjennomføring av offshoreprosjekt, eit område der norsk industri har god kompetanse.

Etter lunsjen, rundt kl 14.00, vil statsråden vere tilgjengelig for pressa.

Intsok er eit samarbeidsprosjekt mellom styresmaktene og industrien for å fremme internasjonaliseringa av norsk olje- og gassindustri.

Pressekontakt for statsråden i Moskva er Sissel Edvardsen, 901 97 382.

Statsrådens planlagde reiser

Uke 10
Statsråden reiser til Saudi-Arabia. Besøket er ei oppfølging av den saudiarabiske oljeministeren sitt besøk i Noreg sumaren 2003. Kombinert med dette blir det også arbeida med eit besøk til Dei Sameinte Arabiske Emirata.

4. – 7. mai
Statsråden reiser til USA for å delta på OTC (Offshore Technology Conference).

Onsdag 5. mai kl 08.00 møter statsråden pressa til frukost for å snakke om moglegheiter og utfordringar knytt til norsk sokkel og petroleumsindustri.

Kl 12.15 same dag vil statsråden halde eit innlegg om kostnadseffektiv teknologi og verdien av ein konkurransedyktig olje- og gassindustri.

22. – 24. mai
22. – 24. mai arrangerast det niande "International Energy Forum" i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar og –forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass. Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under arrangementet.