Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 9/04
Dato: 06.02. 2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 7

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 10. februar
Kl 13.30 deler olje- og energiministeren ut "Energiprisen", som er ein konkurranse for 10. klasser. I løpet av skuleåret har skuleklasser frå heile landet jobba med forskjellige oppgåver over temaet energi. Dei har laga utgreiingar og forseggjorte modellar om enøk, alternative energiformer, ny teknologi, energisystem for bustader og byer, i tillegg til ei rekke andre område relatert til fornuftig bruk av energi.

Noregs Ingeniørorganisasjon (NITO), og Energibedriftenes Landsforeining (EBL) arrangerer "Energiprisen" i samarbeid med Utdannings- og forskingsdepartementet sitt kontor for rekruttering til realfag (RENATE).

Utdelinga av "Energiprisen" finn stad i NITO sitt lokale i Lakkegata 3.

Kontaktperson for arrangementet er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i EBL, Kristian Pladsen, på tlf. 23 08 89 18.

Onsdag 11. februar
Statsråden har fire spørsmål i spørjetimen i Stortinget kl 11.00

Frå representanten Olaf Gjedrem til olje- og energiministeren:
"Regjeringa vil innføre eit grønt sertifikat-marknad. Det vil verta eit løft for miljøvenleg energiproduksjon i Noreg. Men det kan verta tvil om rammene medan utbyggarane ventar på at reglane for ein slik marknad vert avklara. Minikraftutbyggarar er usikre på om dei no skal starta opp med utbygging, fordi dei er usikre på om dei vil tapa på investeringane før marknaden kjem i gang. Kva vil statsråden gjera for å minske tvilen for utbyggarane i tida før reglane for marknaden vert avklara?"

Frå representanten Signe Øye til olje- og energiministeren:
"Flere og flere større forbrukere av strøm inngår fastprisavtale på strøm. Elektrokjeler med uprioritert nettleie ødelegger for bioenergi og annen alternativ oppvarming. Dette er med på å forverre kraftsituasjonen ytterligere fordi summen av fast pris og uprioritert nettleie blir lavere enn fjernvarmepris basert på f.eks. bioenergi. Hva vil statsråden gjøre for å hindre at dette skjer?"

Frå representanten Knut Werner Hansen til olje- og energiministeren:

"I et temanummer i Fiskeribladet under tittelen "Lunken interesse for kjølevann", slås det bl.a. fast at LNG-anlegget på Melkøya vil produsere 40 000 kubikkmeter kjølevann, men at det er usikkert om denne ressursen vil bli utnyttet. Statoil og Hammerfest kommune er uenige om hvordan konsesjonsvilkårene for Snøhvit skal tolkes, ifølge Fiskeribladet. To år etter Stortingets vedtak strides man altså fortsatt om dette. Mener statsråden det er grunnlag for en slik strid?"

Frå representanten Rolf Terje Klungland til olje- og energiministeren:
"I Innst. S. nr. 240 for 2001-2002 om Norsk klimapolitikk sier en enstemmig energi- og miljøkomité at Regjeringen snarest bør sette i gang arbeidet med en samlet plan for energigjenvinning basert på kartlegging av de muligheter som er til stede for å kunne utnytte gjenvunnet energi når industrien, andre aktører og myndigheter inngår i et forpliktende samarbeid. Hva er status for Regjeringens arbeid med denne planen?"

Torsdag 12. februar
Statsråden deltek i eit seminar om småkraftverk i Sauda.

Kl 11.30 møter statsråden pressen på Sauda Fjord Hotell.

Kl 12.00 startar seminaret med synfaring til det nye private minikraftverket på Bjerga ved Hylsfjorden. Olje- og energiministeren vil stå for den offisielle opninga av minikraftverket.

Kl 15.10 held statsråden innlegg om Regjeringa si satsing på fornybar energi generelt og småkraftverk spesielt.

Seminaret finn stad på Sauda Fjord Hotell, og blir arrangert av Sauda Vekst AS, Haugaland Industri- og Næringsforeining og EnergiRike Haugalandet.

For meir informasjon om seminaret i Sauda

Sjå òg Regjeringa sin strategi for auka etablering av små vasskraftverk:

Kontaktperson for statsråden i Sauda er politisk rådgjevar Øyvind Håbrekke på tlf. 970 62 368.

Statsrådens planlagde reiser

Uke 10
Statsråden reiser til Saudi-Arabia. Besøket er ei oppfølging av den saudiarabiske oljeministeren sitt besøk i Noreg sumaren 2003. Kombinert med dette blir det også arbeida med eit besøk til Dei Sameinte Arabiske Emirata.

4. – 7. mai
Statsråden reiser til USA for å delta på OTC (Offshore Technology Conference) i Huston.

Onsdag 5. mai kl 08.00 møter statsråden pressa til frukost for å snakke om moglegheiter og utfordringar knytta til norsk sokkel og petroleumsindustri.

Kl 12.15 same dag vil statsråden halde eit innlegg om kostnadseffektiv teknologi og verdien av ein konkurransedyktig olje- og gassindustri.

22. – 24. mai
22. – 24. mai blir det niande "International Energy Forum" arrangert i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar og –forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass. Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under arrangementet.