Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 35

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 94/04
Dato: 19.08.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 35

Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widvey sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 23. august
Kl 12.30 held statsråden eit innlegg Nordic Energy Summit 2004. Innlegget til statsråden har tittelen "Norwegian Energy Policy " og vil handle om utfordringar på sokkelen og forsyningstryggleik for kraft.

Alfred Berg arrangerer toppmøtet som finn stad på Grand Hotel i Oslo.

Kl 19.00 held statsråden ein tale under ein middag med dei ulike delegasjonane før ONS. Middagen vert arrangert av INTSOK.

Tysdag 24. – torsdag 26. august
Olje- og energiminister er ein del av H. M. Kong Harald sitt følgje under opninga av ONS (Offshore Northern Seas) i Stavanger.

Statsråden har ei rekke viktige oppgåver under ONS. Detaljert program kjem over helga.

Statsrådens planlagde reiser

9. september
Statsråden deltek på Oxford Energy Seminar.

16. – 17. september
Statsråden deltek på eit internasjonalt seminar som OPEC organiserar om "Petroleum in an Independent World".

26. - 30. september
Statsråden gjestar Libya og Algerie.