Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 33/04
Dato: 29.04.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 19

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

4. – 7. mai
Statsråden reiser til USA for å delta på OTC (Offshore Technology Conference) i Houston.

Onsdag 5. mai
kl 08.00 møter statsråden pressa til frukost for å snakke om moglegheiter og utfordringar knytt til norsk sokkel og petroleumsindustri. Pressefrukosten vil finne stad på Reliant Center, rom 702.

Same dag vil statsråden halde to foredrag.

Kl 09.30 deltek statsråden på eit seminar om norsk forsking, der han skal halde opningsinnlegg om forsking og utvikling i petroleumssektoren. Sted: Reliant Center, rom 702.

Kl 12.15 deltek statsråden på ein faglunsj der han skal halde hovudinnlegget om utfordringar for norsk sokkel i eit internasjonalt perspektiv. Sted: Reliant Center.

Kl 14.00 deltek statsråden på omvising i utstillinga, der han òg vil besøkje den norske standen.

Torsdag 6. mai
kl 07.30 deltek statsråden på eit frukostmøte om moglegheiter på norsk sokkel, der han skal ønskje velkommen. Blant dei andre talarane er oljedirektør Gunnar Berge.

Pressekontakt for statsråden i Houston er Sissel Edvardsen, + 47 901 97 382.

Statsrådens planlagde reiser

22. – 24. mai blir det niande "International Energy Forum" arrangert i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar og -forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass. Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under arrangementet.

2. – 4. juni Statsråden deltek på ein internasjonal konferanse for fornybar energi i Bonn. Bakgrunnen for denne konferansen er FNs Verdstoppmøte for bærekraftig utvikling i Johannesburg 2002. Den tyske regjeringa ved miljøvernminister Jürgen Trittin og utviklingsminister Heidmarie Wieczorek-Zeul arrangerer konferansen.