Historisk arkiv

Olje- og energiminister Thorhild Widveys kalender for veke 8 og 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 24/05
Dato: 22.02.2005

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Olje- og energiminister Thorhild Widveys kalender for veke 8 og 9

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Veke 8
Olje- og energiministeren vitjar Saudi-Arabia på invitasjon frå oljeminister Ali I. al-Naimi.

Pressekontakt under opphaldet er Lars Nermoen, +47 990 13 280.

Veke 9
Deira Majestetar Kongen og Dronninga vil avleggje eit offisielt besøk til USA i perioden 27. februar til 8. mars.

Bakgrunnen for besøket er i fyrste rekkje å markere 100 år med diplomatisk samkvem med USA. Besøket vil omfatte New York, Houston og Washington, og programmet omfattar mellom anne fleire næringslivsarrangement med spesiell vekt på energisektoren og turisme.

Olje- og energiminister Thorhild Widvey er ein av tre statsrådar som deltek i det offisielle følgje til kongeparet.

Onsdag 2. mars –Houston
Intsok arrangerer seminaret 'Oil and gas developments in Arctic and cold regions' i Houston 2. og 3.

Statsråd Widvey er i samarbeid med Intsok vertskap for ein lunsj i samband med seminaret onsdag 2.3. Ho held deretter opningstalen med tittelen 'Arctic and cold regions – prospects and challenges'.

Torsdag 3. mars – Houston
Olje- og energiministeren vil halde velkomstinnlegget på seminaret Norwegian Offshore Opportunities Forum. Dette er eit seminar mars for å presentere norsk sokkel for amerikanske selskap som ikkje allereie er til stades i Noreg.

Pressekontakt for statsråden i Houston er Sissel Edvardsen, +47 90 19 73 82.

Fredag 4. mars – Washington DC
Stasråden held det norske innlegget på det forskingspolitiske seminaret 'Bridging Enhanced Co-operation in Science and Higher Education.