Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiministerens kalender for veke 15

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 47/05
Dato: 07.04.05

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Utdrag frå olje- og energiministerens kalender for veke 15

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 11. april
Kl. 19.00 deltek statsråden på ein middag på Akershus Slott i samband med Tyrkias statsminister Erdogans offisielle vitjing til Noreg.

Under besøket skal Erdogan i Oslo møte statsminister Kjell Magne Bondevik, utanriksminister Jan Petersen og leiar for Stortingets utanrikskomité Torbjørn Jagland. Tysdag vil han vere i Stavanger der han bl.a. møter statsråd Thorhild Widvey (sjå under).

Tysdag 12. april
Kl. 11.30 held statsråden eit innlegg under årsmøtet til Småkraftforeninga i Stavanger. Innlegget omhandlar Regjeringas auka satsing på småkraftverk og ein framtidig marknad for el-sertifikat. Sjå www.smakraftverk.com for program.

Kl. 13.00 har statsråden møte med den tyrkiske statsministeren i Stavanger. Etter møtet vil det vere mogleg for pressa å møte dei to ministrane. Invitasjon til dette vil bli sendt ut seinare.

Pressekontakt for statsråden er Sissel Edvardsen, 901 97 382.

Onsdag 13. april
Kl. 09.00 held statsråden innlegget "Norsk vannressursforvaltning i lys av EUs vanndirektiv" under Vassdragsdagene som blir arrangert av NVE 12.-13. april. Sjå www.nve.no for program.

Kl. 12.00-14.00 vil statsråden innleie eit lunsjseminar for EU-ambassadørar i residensen til Nederlands ambassadør. Widvey vil snakke om norsk energipolitikk.