Historisk arkiv

10 millionar kroner til ekstra tryggingstiltak på norske lufthamner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Luftfartsverket vil i år få ekstrautgifter på til saman 10 millionar kroner, i samband med at det ved norske lufthamner er sett i verk ekstra tryggingstiltak etter terroraksjonane i USA den 11. september i år (16.11.01)

Pressemelding

Nr.: 132/2001
Dato: 16.11.01

Statsbudsjettet 2001 – endring av løyvingar:

10 millionar kroner til ekstra tryggingstiltak på norske lufthamner

Luftfartsverket vil i år få ekstrautgifter på til saman 10 millionar kroner, i samband med at det ved norske lufthamner er sett i verk ekstra tryggingstiltak etter terroraksjonane i USA den 11. september i år.

Etter terrorangrepet i USA har Luftfartsverket sett inn ein rekke tryggingstiltak ved norske lufthamner. Blant anna er det gjennomført 100 prosent tryggingskontroll av både passasjerar, handbagasje og innsjekka bagasje for både innlands- og utlandstrafikk på Oslo lufthavn Gardermoen, Kristiansand lufthavn Kjevik, Stavanger lufthavn Sola, Bergen lufthavn Flesland og Trondheim lufthavn Værnes. I tillegg er det sett i verkt ekstra tryggingstiltak i form av auka kontroll av publikumsområde og bagasjesorteringsanlegg ved Bodø lufthavn og Tromsø lufthavn Langnes.

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at ekstrautgiftene til tiltak ved dei lufthamnene Luftfartsverket driv, skal dekkjast ved at overskotskravet til Luftfartsverket for 2001 reduserast med 10 millionar kroner, frå 113 millionar kroner til 103 millionar kroner.

Kontaktpersonar:
Samferdselsminister Torild Skogsholm, tlf. 22 24 81 00
Informasjonsrådgjevar Guro Steine, tlf. 22 24 83 16 / mob. 414 38 985

For nærmare opplysningar, sjå: St.prp. nr. 18 (2001-2001) Om endring av løyvingar mv. for 2001 på samferdselsdepartementets område.