Historisk arkiv

Flyrute Røst - Bodø: Widerøe's Flyveselskap ASA tildelt kontrakt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Widerøe's Flyveselskap ASA kontrakt for flyging av ruta Røst - Bodø i perioden 1. februar 2002 - 31. mars 2003. (19.12.01)

Pressemelding

Nr.: 144/2001
Dato: 19.12.01

Flyrute Røst - Bodø: Widerøe's Flyveselskap ASA tildelt kontrakt

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Widerøe's Flyveselskap ASA kontrakt for flyging av ruta Røst - Bodø i perioden 1. februar 2002 - 31. mars 2003.

Tildelinga av kontrakten er skjedd etter ein anbodskonkurranse der det kom inn anbod frå fem selskap, og der Widerøe's Flyveselskap ASA hadde det lågaste kravet om godtgjersle frå staten. Etter kontrakten skal selskapet ha ei samla godtgjersle for heile kontraktperioden på 7,584 millionar kroner.

Widerøe's Flyveselskap ASA vil vidareføre det ruteprogrammet som gjeld i dag, med to daglege flygingar på kvardagar og ei dagleg flyging på laurdag og søndag. Ruta vil bli trafikkert med flytypen DHC-8/130.

Anbodskontrakten erstattar ein mellombels tilbodskontrakt som Widerøe's Flyveselskap ASA blei tildelt for perioden 11. mai 2001 fram til den nye anbodsperioden tar til den 1. februar 2002.