Historisk arkiv

Drift av ferjer: Lovendring opnar for bruk av anbodskonkurranse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Frå 1. januar 2003 blir det opna for bruk av anbodskonkurranse for drift av ferjeruter på vegnettet i Noreg. Dette kan vere med på å utvide og forbetre rutetilbodet for publikum og næringsliv, seier samferdselsminister Torild Skogsholm. (20.12.02)

Pressemelding

Nr.: 158/2002
Dato: 20.12.02

Drift av ferjer: Lovendring opnar for bruk av anbodskonkurranse

- Frå 1. januar 2003 blir det opna for bruk av anbodskonkurranse for drift av ferjeruter på vegnettet i Noreg. Dette kan vere med på å utvide og forbetre rutetilbodet for publikum og næringsliv, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Endringa vil føre til at reglane for ferjesektoren kjem på line med dei reglane som alt gjeld for tildeling av løyve for drift av buss- og båtruter

Den nye lovregelen om bruk av anbod for drift av riksveg- og fylkesvegferjer er tatt inn i den nye ”Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy”, yrkestransportloven. Denne nye loven blir sett i verk frå årsskiftet og kjem i staden for den gjeldande ”Lov om samferdsel”. Regjeringa gjorde i mai i år framlegg om ny yrkestransportlov, og dette framlegget blei så vedteke i Stortinget i juni.

For nokre få riksvegferjesamband er det tidlegare gjennomført ei prøveordninga med bruk av anbodskonkurranse.

- Erfaringane frå denne prøveordninga og frå bruk av anbod i andre delar av transportsektoren, viser at anbodskonkurranse kan vere med på å få til ein meir effektiv bruk av løvingar som gjeld tilskot til drift av rutetransport. Bruk av anbod og auka konkurranse er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å gjere drifta meir effektiv, slik at midlar kan frigjerast for å utvide og forbetre rutetilbodet, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

- Bruk av anbod for drift av ferjer er i tråd med regjeringa si stortingsmelding om kollektivtransport. I denne meldinga, som vart handsama av Stortinget i vår, gjekk regjeringa inn for bruk av anbod som eit gjennomgåande prinsipp for all transport der det offentlege gir tilskott eller kjøper transporttenester, seier samferdselsministeren.

I statsråd i dag er det gjort vedtak om at den nye yrkestransportloven skal setjast i verk frå 1. januar 2003. Samferdselsdepartementet har i dag sendt ut eit rundskriv der det blir gjort nærare greie for dei endringane som den nye loven førar til.


Til redaksjonen:
For nærmare opplysningar, sjå:

Rundskriv nr 6/2002 Ikraftsetjing av lov 21.6. 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova) ( http://www.lovdata.no/all/nl-20020621-045.html)