Historisk arkiv

Luftfartsverket: Tilleggsløyving sikrar investeringar i tryggingstiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 41/2002
Dato: 07.05.02

Luftfartsverket: Tilleggsløyving sikrar investeringar i tryggingstiltak

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 100 millionar kroner til Luftfartsverket over statsbudsjettet for 2002.

- Inntektssvikten til Luftfartsverket skal ikkje gå utover investeringar som er nødvendige for tryggleiken i luftfarten. Framlegget om tilleggsløyvinga til investeringsformål sikrar at tryggleiken blir ivaretatt, seier samferdselsminister Torild Skogsholm, i samband med at regjeringa i dag har gjort framlegg om ein del endringar i den delen av statsbudsjettet som gjeld Luftfartsverket.

Framlegget har samanheng med at Luftfartsverket no reknar med at inntektene frå luftfartsavgiftene i år vil bli om lag 200 millionar kroner lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn i statsbudsjettet for 2002. Luftfartsverket får dermed ein tilsvarande mindre evne til sjølv å finansiere nødvendige investeringar.

Inntektssvikten til Luftfartsverket fører dessuten til at regjeringa gjer framlegg om at investeringane under budsjettposten ”Flyplassanlegg” skal reduserast med i alt 98,4 millionar kroner, fordelt med 63,4 millionar kroner på stamruteflyplassane og 35 millionar kroner på regionale flyplassar. Denne reduksjonen vil mellom anna føre til at ein må utsetje ein del byggje- og anleggsarbeid og ymse investeringar som gjeld flynavigasjonsanlegg, utstyr og tiltak ved flyplassane.


For nærmare opplysningar – sjå: St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område