Historisk arkiv

Luftfartsverket blir statleg aksjeselskap frå 1. januar 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Torild Skogsholm har i dag stifta eit interimsselskap som skal førebu omdanninga av Luftfartsverket til eit statleg aksjeselskap, med verknad frå 1. januar neste år. (12.12.02)

Pressemelding

Nr.: 154/02
Dato: 12.12.02

Luftfartsverket blir statleg aksjeselskap frå 1. januar 2003

Samferdselsminister Torild Skogsholm har i dag stifta eit interimsselskap som skal førebu omdanninga av Luftfartsverket til eit statleg aksjeselskap, med verknad frå 1. januar neste år. Som styremedlemmer for interimsselskapet og Luftfartsverket som aksjeselskap er desse valde:

  • Sivilingeniør Anders Talleraas, Molde, leiar
  • Konsernsjef Bård Mikkelsen, Bærum, nestleiar
  • Samfunnsøkonom Grete Willumsen, Stavanger
  • Direktør Atle Hamar, Jølster
  • Seniorbedriftsrådgivar Kristin Vangdal, Tromsø
  • Avdelingssjef Knut Hordvik, Bergen, representant for dei tilsette
  • Vaktsjef Helge Løbergsli, Nesset i Romsdal, representant for dei tilsette
  • Seksjonsleiar Inge Nedrebø, Time, vararepresentant for dei tilsette

Opprettinga av interimsselskapet har samanheng med at Stortinget nyleg har slutta seg til framlegget frå regjeringa om at Luftfartsverket skal gjerast om til eit statleg aksjeselskap. Dei statlege eigarinteressene i aksjeselskapet skal forvaltast av Samferdselsdepartementet.

- Omdanning av Luftfartsverket frå statleg forvaltningsbedrift til eit aksjeselskap som er fullt ut eigd av staten, vil gi bedrifta eit klarare økonomisk ansvar og større handlefridom. Samtidig vil Luftfartsverket stå friare til å ta opp lån og til å samordne verksemda med dotterselskapet Oslo Lufthavn AS. Dette vil føre til eit meir effektivt Luftfartsverk, noko som i seg sjølv vil kunne gi lågare luftfartsavgifter og betre tenester, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

- Organiseringa av Luftfartsverket som eit statleg aksjeselskap fører ikkje til endring for verksemda si samfunnsmessige rolle. Luftfartsverket skal leggje til rette for sikker og effektiv luftfart, yte tenester innan luftfartsområdet og drive anna verksemd som byggjer opp under hovudverksemda til føretaket. I tillegg skal Luftfartsverket drive kommersiell utvikling av verksemda og lufthamnområda, seier samferdselsministeren.

Luftfartsverket si basisverksemd vil framleis vere planlegging, investering og drift ved dei 45 statleg eigde flyplassane i Noreg. I tillegg skal Luftfartsverket utføre flysikringstenester for sivil og militær luftfart.