Historisk arkiv

Ny ferje til sambandet Hjellestad - Klokkarvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 48/2002
Dato: 07.05.02

Ny ferje til sambandet Hjellestad - Klokkarvik

Vegdirektoratet arbeider no med å kontrahere ei ny ferje til sambandet Hjellestad – Klokkarvik i Hordaland. Denne ferja vil venteleg bli sett inn i drift i 2003, går det fram av ei orientering som er tatt inn i eit framlegg om ein del saker på området til Samferdselsdepartementet.

I orienteringa blir det vist til at det no er gitt ein dispensasjon for bruk av den ferja som i dag trafikkerer sambandet. Denne dispensasjonen er gitt på vilkår av at det mellom anna blir utarbeidd ein tidsplan for å gjennomføre tiltak for å betre tryggleiken.


For nærmare opplysningar – sjå: St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område