Historisk arkiv

Samferdselsminister Torild Skogsholm til Brussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Torild Skogsholm er tysdag 10. og onsdag 11. desember i Brussel, der ho mellom anna skal møte EU-kommissær Erkki Liikanen, som er ansvarleg for EU-kommisjonen sitt arbeid med saker som gjeld informasjonsteknologi og telekommunikasjon. (09.12.02)

Pressemelding

Nr.: 151/02
Dato: 09.12.02

Samferdselsminister Torild Skogsholm til Brussel

Samferdselsminister Torild Skogsholm er tysdag 10. og onsdag 11. desember i Brussel, der ho mellom anna skal møte EU-kommissær Erkki Liikanen, som er ansvarleg for EU-kommisjonen sitt arbeid med saker som gjeld informasjonsteknologi og telekommunikasjon.

Ho skal elles ha møte med den norske EU-delegasjonen i Brussel og president Einar Bull i EFTA sitt overvakningsorgan, ESA. Samferdselsministeren skal dessutan ha møte med representantar for den danske permanente representasjon til EU, mellom anna for å bli orientert om arbeidet med transportsaker i den tida Danmark har hatt formannskapet i EU.

Desse er med i følget til samferdselsministeren:
Departementsråd Per Sanderud, politisk rådgivar Alfred Bjølo og avdelingsdirektør John Arild Jenssen, alle Samferdselsdepartementet. I tillegg deltar samferdselsråd Olav Grimsbo frå den norske EU-delegasjonen i Brussel.



Til redaksjon:
Samferdselsminister Torild Skogsholm er tilgjengeleg for pressa tysdag klokka 1845-1915. Ta kontakt med politisk rådgivar Alfred Bjørlo, på telefon 48 08 26 52.