Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2002: Tilleggsløyving på 50 millionar kroner til rassikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 44/2002
Dato: 07.05.02

Statsbudsjettet 2002: Tilleggsløyving på 50 millionar kroner til rassikring

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 50 millionar kroner til rassikring, over statsbudsjettet for 2002. Med ei slik tilleggsløyving vil det dermed i år vere løyvd i alt 393,6 millionar kroner til rassikring.

– I tillegg til å hindre ulykker er rassikringstiltaka også viktig for å få bort noko av den uvissa og uroa som mange opplever fordi til dømes skoletransport dagleg må passere rasutsette strekningar. Ras og rasfare fører også til dårlegare og meir upåliteleg transport for næringslivet i distrikta. Rassikring er derfor mange stader avgjerande for at folk og næringsliv skal ha eit trygt og tenleg transporttilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

I framlegget frå regjeringa er det lagt opp til denne fordelinga av tilleggsløyvinga på 50 millionar kroner til rassikring over statsbudsjettet for 2002:

Mill. kr

Rogaland

Riksveg 503 Gloppedalen

16

Hordaland

Riksveg 7 Hagaskreda, riksveg 13 Jøsendal-Odda, riksveg 551 Austrepollen-Ænes

6

Sogn og Fjordane

Riksveg 13 Dragsvik – Vetlefjorden

6

Møre og Romsdal

Riksveg 651 Greifsneset – Løvikneset

10

Nordland

E6 Ågfloget i Rana, E6 Megården-Kobbvatnet, riksveg 820 Ryggedalsvatnet, riksveg 827 Tømmeråsfjorden

6

Troms

E10 Raksebukt i Gullesfjordbotn

6

Sum

50

Endeleg fordeling av midlane på prosjekta vil skje i samråd med fylkeskommunane.

Handlingsplan for rassikring

Stortinget har bede regjeringa om å komme tilbake med ei orientering om framdrift og oppfølging når det gjeld ”Handlingsplan for rassikring for perioden 1998-2007”.

I ei orientering fra Samferdselsdepartementet blir det no vist til at denne handlingsplanen så langt er tilnærma oppfylt for perioden 1998-2001. Det blir dessutan vist til at det no for åra framover er lagt opp til vesentleg sterkare vekt på rassikring enn det som tidlegare var lagt til grunn i denne handlingsplanen. Med dei planar som no ligg føre er det for perioden 2002-2005 lagt opp til å nytte vel 480 millionar kroner i gjennomsnittleg årleg beløp til rassikring, mot eit gjennomsnittleg årleg beløp på vel 355 millionar kroner i ”Handlingsplan for rassikring 1998-2007”.

I perioden 1990-2001 var det 11 dødsulykker på vegnettet som følgje av ras. Til saman 15 personar omkom i desse ulykkene.


For nærmare opplysningar – sjå: St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område