Anleggsstart for mange nye riksvegprosjekt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2003 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 112/03
Dato: 08.10.03
Statsbudsjettet 2004:
Anleggsstart for mange nye riksvegprosjekt
Regjeringa sitt forslag om å auke løyvingane til vegføremål i 2004 med nær 600 millionar kroner gir rom for at til saman 11 nye riksvegprosjekt vil bli sette i gang på stamvegnettet. I tillegg vil det bli anleggsstart for fleire nye vegprosjekt på dei andre delane av riksvegnettet.
- Eg er nøgd med at vi kan setje i gang desse nye vegprosjekta, som har mykje å seie for trafikktryggleik, distrikt og framkomelegheit for næringslivet. Saman med ei sterk kollektivsatsing i storbyane, gir dette eit bedre transporttilbod for heile landet, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
Samferdselsdepartementet går inn for å setje i gang desse nye prosjekta på stamvegnettet:
- E6 Åsgård – Halmstad, Østfold
- E18 Nygårdskrysset, Akershus
- E18 Kopstad – Gulli, Vestfold
- E39 Tjensvollkrysset, Rogaland
- E39 Drangsdalen, Rogaland
- Riksveg 5 Kjøsnes – Skei, Sogn og Fjordane
- E136 Horgheimseidet – Sogge bru, Møre og Romsdal
- E6 Nordre Avlastingsveg i Trondheim, Sør-Trøndelag
- E6 Kulvert (planskilt kryssing mellom jernbanen og E6) ved Røra, Nord- Trøndelag
- E12 Umskaret, Nordland
Det vil dessutan kome i gang anleggsarbeid på stamvegprosjektet E39 Handeland – Feda, i Vest-Agder, som er et såkalla OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid).
For dei andre delane av riksvegnettet – såkalla "andre riksvegar" – er det lagt opp til å setje i gang mellom anna desse prosjekta:
- Riksveg 283 Kreftingsgate i Drammen, Buskerud
- Riksveg 311 Ringveg øst-vest Kjelle – Kilen, Vestfold
- Riksveg 550 Syreflot – Aga, Hordaland
- Riksveg 769 Høknes – Orientkrysset, Nord-Trøndelag
I tillegg til desse fire prosjekta vil det og bli sett i gang arbeid med ei rekkje andre, mindre prosjekt.
----------------
E6 Bånes – Birtavarre Anleggsarbeid framskyndes
Samferdselsdepartementet legg også opp til å framskunde gjennomføringa av rassikringsprosjektet Bånes – Birtavarre på E6 langs Kåfjorden i Troms. Med det budsjettforslaget som no ligg føre, kan prosjektet opnast for trafikk i 2005, medan det tidlegare var rekna med dette kunne skje i 2006.