Historisk arkiv

Flytoget: Auka eigenkapital sikrar godt transporttilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Generalforsamlinga i Flytoget AS har i dag gjort vedtak om å utvide eigenkapitalen i selskapet med 300 millionar kroner. (19.12.03)

Pressemelding

Nr.: 148/03
Dato: 19.12.03

Flytoget: Auka eigenkapital sikrar godt transporttilbod

- Flytoget AS har no fått ein auke i eigenkapitalen som legg til rette for at selskapet kan refinansiere og forlengje dei låna som selskapet har tatt opp. Saman med endringar i momsreglane for persontransport, fjerning av el-avgift for produksjonsverksemder og den positive utviklinga i rentemarknaden, vil auken i eigenkapitalen verke positivt inn på driftsresultatet til Flytoget. Selskapet vil dermed få eit økonomisk grunnlag som fører til at Flytoget også i framtida kan gi dei reisande eit effektivt, raskt og miljøvennleg transporttilbod til og frå flyplassen på Gardermoen.

Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at generalforsamlinga i Flytoget AS i dag har gjort vedtak om å utvide eigenkapitalen i selskapet med 300 millionar kroner.

Selskapet reknar no med at det skal få overskot i 2005 og at avkastinga på eigenkapitalen vil kunne bli tilfredsstillande i løpet av fem år.

Vedtaket i generalforsamlinga er ei oppfølging av at Stortinget tidlegare i denne veka vedtok eit forslag frå regjeringa om å løyve 300 millionar kroner over statsbudsjettet for 2003 for å utvide eigenkapitalen til Flytoget AS.

Flytoget AS er eit fullt ut statleg aksjeselskap, der Samferdselsdepartementet forvaltar dei statlege eigarinteressene. Samferdselsministeren er generalforsamling for selskapet.