Historisk arkiv

Oppretting av interimsselskapet BaneService AS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Samferdselsdepartementet har i dag oppretta interimsselskapet BaneService AS. - Det nye selskapet har no fått eit godt styre som kan handtere viktige oppgåver i tida framover, seier samferdselsminister Torild Skogsholm. (19.12.03)

Pressemelding

Nr.: 150/03
Dato: 19.12.03

Oppretting av interimsselskapet BaneService AS

Samferdselsdepartementet har i dag oppretta interimsselskapet BaneService AS. Opprettinga har samanheng med at den interne forretningsverksemda BaneService i Jernbaneverket skal skiljast ut og gjerast om til eit eige statleg aksjeselskap, med verknad frå 1. juli 2004.

- Omdanning av BaneService til eit statleg eigd aksjeselskap vil vere med på styrkje toget som miljøvennleg transportmåte ved å leggje til rette for meir effektiv utbygging og vedlikehald av jernbanenettet og dermed høgare kvalitet på togtilbodet. Det nye selskapet skal vere ei kompetent og konkurransedyktig verksemd innanfor jernbanesektoren. Selskapet har no fått eit godt styre som kan handtere viktige oppgåver i tida framover, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Stortinget slutta seg tidlegare i denne veka til eit framlegg frå regjeringa om å førebu utskiljing av BaneService i eit eige statleg aksjeselskap.

BaneService blei oppretta i 1992 og har oppgåver som omfattar tyngre vedlikehald og sporarbeid på jernbanen. BaneService har i dag konkurranse frå private entreprenørar.

Interimsselskapet skal mellom anna utarbeide strategi- og forretningsplan for det nye aksjeselskapet.

Samferdselsdepartementet har i dag oppnemnd eit styre for interimsselskapet, med desse åtte medlemmene:

Konsulent Thor Svegården, Asker, leiar av styret
Konsulent Eli Giske, Bærum
Marknadssjef Anita Kaaveland, Oslo
Bedriftsrådgivar Are Langmoen, Asker
Sivilingeniør Olaf Melbø, Lillehammer

Styremedlemmer som er oppnemnde i samråd med dei tilsette i Baneservice i Jernbaneverket:

Overingeniør Tore Jegstad, Bærum
Fagarbeider Jon Jessesen, Marker
Overingeniør Geir Røer, Ski