Posten Norge AS: Gode posttenester i heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 14.11.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Det er i statsråd i dag lagt fram ei stortingsmelding om verksemda til Posten Norge AS. (14.11.03)
Pressemelding
Nr.: 129/03
Dato: 14.11.03
Posten Norge AS: Gode posttenester i heile landet
- Posten Norge AS skal ha eit tenestetilbod som er godt tilpassa behova til kundane og med prisar som er konkurransedyktige. Verksemda til selskapet må vere organisert på ein effektiv måte. Selskapet skal ha ein aktiv konkurransestrategi for å styrkje evna til å oppfylle dei samfunnspålagde pliktene som selskapet har til å levere eit likeverdig tilbod av grunnleggjande post- og banktenester i heile landet.
Dette seier samferdselsminister Torild Skogsholm i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram ei stortingsmelding om verksemda til Posten Norge AS.
Føremålet med stortingsmeldinga om verksemda til Posten er mellom anna å gi Stortinget ei orientering om viktige saker som er vedatt eller gjennomført i perioden 2000 – 2002. Stortingsmeldinga gir dessutan ei orientering om viktige utfordringar, strategiar og planar for åra framover. Meldinga skal danne grunnlag for eigarstyringa av selskapet, og tar elles for seg personalmessige forhold, den økonomiske utviklinga for selskapet og krav til avkasting og utbytte.
For Posten og andre statlege aksjeselskap av samme type bør det i størst mogeleg grad gjelde avkastingskrav som er utforma etter dei samme prinsippa som blir nytta for private selskap.
Ein slik praksis er nødvendig av omsyn til mellom anna konkurransen i marknaden og effektiv fordeling og bruk av ressursar, går det fram av stortingsmeldinga.
Kravet til avkasting og utbytte
Kravet til avkasting bør som hovudregel liggje fast i ein periode på 3 – 5 år, dersom det ikkje før den tid skjer vesentlege endringar i dei faktorane som påverkar kravet. Ei overordna samla vurdering av dei ulike faktorane som verkar inn på avkastinga tilseier at det ikkje er nødvendig å endre avkastingskravet for Posten. Samferdselsdepartementet går difor inn for at gjeldande krav til avkasting skal førast vidare for perioden 2003 – 2005. Kravet til avkasting for Posten Norge AS vil dermed framleis vere 10,8 prosent av eigenkapitalen til selskapet.
Samferdselsdepartementet går inn for at ein for perioden til og med 2005 skal leggje til grunn ein utbyttepolitikk med krav om utbytte som svarer til 30 prosent av resultatet etter skatt. Det vil seie at ein fører vidare det kravet som i dag gjeld for utbyttenivået.
Posten vil ved utgangen av 2005 ha gjennomført store omstillingstiltak. Posten har dessutan no ein eigenkapitaldel på 40 prosent. Samferdselsdepartementet meiner difor at utbyttepolitikken til selskapet bør endrast i neste planperiode, det vil seie frå rekneskapsåret 2006. Endringa vil føre til at utbyttet frå og med 2006 skal fastsetjast i høve til eigenkapitalen.
Til redaksjonen
For fleire opplysningar, sjå:
St.meld. nr. 11
(2003-2004) Om virksomheten til Posten Norge AS